Ludwig Wittgenstein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludwig Josef Johann Wittgenstein var ein filosof og matematikar fødd i Austerrike. Han vart fødd den 26. april 1889 i Wien, og døydde den 29. april 1951 i Cambridge i England. Wittgenstein var professor i Cambridge frå 1939 til 1947. Han kom frå ein familie med mykje pengerikdom, far hans var industrileiaren Karl Wittgenstein. Det meste Ludwig Wittgenstein arva gav han vekk og levde eit liv i nøysemd.
Han byrja med ingeniørutdanning og gjekk vidare til studiar innan matematikk. Utforsking av grunndraga i matematikken leia over til logikkstudiar. Ei tid studerte han logikk med mellom anna Gottlob Frege og Bertrand Russell som føredøme og til dels lærarar.
Wittgenstein er rekna for å vera ein av dei viktigaste filosofane på 1900-talet. Ei ny retning innan filosofi kom til på grunnlag av verka til Wittgenstein. Namnet på denne filosofiske retninga er (språk)analytisk filosofi.
[endre] Wittgenstein og Noreg
Wittgenstein hadde frå 1913 ei hytte i Skjolden i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Har sat han og skreiv på verket Tractatus Logico-philosophicus, som vart gjeve ut i 1922. Ved Eidsvatnet i Skjolden er det sett opp eit Wittgenstein-minnesmerke.
[endre] På verdsveven
- Wittgenstein- arkivet ved Universitetet i Bergen.
- Wittgensteinian materiale
- Wittgenstein- huset i Kundmanngasse 19 i Wien
[endre] Litteratur
- Knut Olav Åmås og Rolf Larsen: Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Norge 1913-1950, Oslo 1994. ISBN 8252143776
- Kjell S. Johannessen, Rolf Larsen og Knut Olav Åmås (red.): Wittgenstein and Norway, Oslo 1994. ISBN 82-560-0936-5