Matterhorn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matterhorn (ty.: Matterhorn, fr.: Mont Cervin eller Le Cervin, it.: Monte Cervino) er eit av dei best kjente fjella i Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom Sveits og Italia og er 4 478 m.o.h. Pyramideforma er svært karakteristisk og har mellom anna vore inspirasjon for Toblerone-sjokoladen.
Matterhorn var det siste store fjellet i Alpane som fjellklatrarar nådde toppen av. Dette lyktest 14. juli 1865 for Edward Whymper, Charles Hudson, Lord Francis Douglas og Douglas Hadow, saman med Michel Croz og to stykk Peter Taugwalder (far og son med same namn). På veg ned døydde Hadow, Croz, Hudson og Douglas av eit fall ned på Matterhornisbreen 1 400 meter under dei.
Fjellet kan sjåast godt frå den sveitsiske tettstaden Zermatt i Valais og den italienske tettstaden Breuil-Cervinia i Val Tournanche.
[endre] Sjå òg
- Dufourspitze, det høgste fjellet i Sveits