Novgorod oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Velikij Novgorod | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 51. 55 300 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 69. ca. 674 100 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Nordvestlige | ||||
Økonomisk region | Nordvest | ||||
Regionsnummer | 53 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Mikhail Mikhajlovitsj Prusak | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Novgorod oblast (Russisk språk: Новгоро́дская о́бласть) er eit oblast søraust i Russland. Novgorod oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet ligg i det nordvestre føderale distriktet i Russland, mellom Moskva og St. Petersburg. Hovudstaden i oblastet er byen Velikij Novgorod (Store Novgorod). Andre viktige byar er: Borovitsji, Staraja Russa, Valdaj og Tsjudovo.
Flatevidda er 55 300 km². Folketalet vart i 2005 rekna å vera 674 100, ned frå kring 753 000 i 1989.
[endre] Geografi
Novgorod oblast grensar til Leningrad oblast i nordvest og nord, Vologda oblast i aust, Tver oblast i sør og søraust og Pskov oblast i sørvest.
Den vestlege delen er lågland kring Ilmensjøen, medan resten er høgland (ein del av Valdajfjella). Det høgaste punktet er Ryzjokha (296 moh).
[endre] Tidssone
Novgorod oblast har Moskvatid (MSK/MSD). I høve til UTC er avviket +0300 (MSK)/+0400 (MSD).
[endre] Eksterne kjelder
Novgorod oblast sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |