Arkhangelsk oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Arkhangelsk | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 13. 587 400 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 74. ca. 1 337 000 (2002) |
||||
Føderalt distrikt | Nordvestlige | ||||
Økonomisk region | Nordlige | ||||
Regionsnummer | 29 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Nikolaj Ivanovitsj Kiseljov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Arkhangelsk oblast (Russisk språk: Архангельская область, Arkhangelskaja oblast) er eit oblast nordvest i Russland. Arkhangelsk oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet er oppkalla etter hovudstaden, byen Arkhangelsk. Oblastet er på storleik med Frankrike, med ei flatevidd på 587 400 km² og 20 distrikt, 13 byar, 38 bynære bygder og kring 4000 bygder. Oblastet omfattar òg det autonome området Nenetsia, Novaja Zemlja-øyane og Franz Josef Land. Arkhangelsk oblast grensar mot republikken Karelia og oblasta Vologda oblast og Murmansk oblast. Oblastet er omgjeve av tre hav; Kvitsjøen, Barentshavet og Karahavet aust for Novaja Zemlja. På gamle kart vart dette området kalla Dvinskaja Zemlja (Dvinaland).
Hovudnæringa er skogbruk, med trearbeid og papirproduksjon. Arkhangelskregionen har òg mykje industri knytt til militær verksemd. Landbruket er konsentrert om reindrift og produksjon av kjøt og meieriprodukt frå kveg.
Barentsregionen |
Finnmark | Nordland | Troms | Västerbotten | Norrbotten | Lappland | Norra Österbotten | Kainuu | Murmansk, Arkhangelsk, Komi, Karelen, Nenetsia |
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |