Tsjita oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
![]() |
|||||
Hovudstad | Tsjita | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 12. 431 500 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 47. ca. 1 155 000 (2002) |
||||
Føderalt distrikt | Sibir | ||||
Økonomisk region | Aust-Sibir | ||||
Regionsnummer | 75 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Ravil Faritovitsj Geniatullin | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0900 |
Tsjita oblast, (russisk Читинская область) er ein provins (oblast) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Det sjølvstyrte området Aga Burjatia er ein del av provinsen. Hovudstaden er Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 155 000 (2002).
Tsjita oblast ligg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600-700 meter over havet), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Omlag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er - 30 grader celsius, i juli + 20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar forekomster av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.
Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia.
Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653.Allereie i løpet av 1600-talet oppsto dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Tsjita oblast eit føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved det siste valet til lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast, 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene.
[endre] Eksterne lenkjer
Kommersant artikkel på engelsk
|