Jaroslavl oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Jaroslavl | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 63. 36 400 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 39. ca. 1 339 000 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Sentrale | ||||
Økonomisk region | Sentrale | ||||
Regionsnummer | 76 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Anatolij Ivanovitsj Lisitsyn | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Jaroslavl oblast, (russisk Ярославская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Jaroslavl, arealet er 36 400 km² og innbyggjartalet er 1 339 000 (2005).
Jaroslavl oblast ligg sentralt plassert i den europeiske delen av Russland, og grensar til Moskva oblast i sør. Området er stort sett bylgjande sletteland, høgste punktet er berre 294 meter over havet. Dei øvre delane av elva Volga renn gjennom provinsen, i ei strekning på 340 kilometer. Klimaet er kontinentalt, med middeltemperatur i januar på - 10 grader celsius, og i juli + 18 grader celsius.
Provinsen har ingen vesentlige mineralforekomstar. Volga er demma opp ved Rybinsk og dannar her ein stor kunstig innsjø. Det vert drive intensivt jordbruk, 34 % av provinsen er dyrka mark. Dei viktigaste avlingane er poteter, grønsaker og lin. Det vert òg dyrka rug, kveite, bygg og havre. Jaroslavl oblast har mykje industri, det viktigaste er ingeniør- og metallindustri.
Jaroslavl oblast ligg i det gamle russiske kjernelandet, og var frå 800-talet del av den eldste russiske statsdanninga, Kievriket eller Kiev Rus. Her ligg den eldste byen i nord-Russland, Rostov, som første gongen er nevnt i 862, dessutan byen Uglitsj (kjend sidan 937) og Rybinsk (grunnlagd 1071). Byen Jaroslavl vart grunnlagd i 1010 av den kievske storfyrsten Jaroslav den Vise (Jaroslav Mudryj). Ettersom Kievriket gjekk i oppløysing vart både Jaroslavl, Uglitsj og Rostov på 1200-talet senter for uavhengige fyrstedøme, medan andre delar av provinsen var del av fyrstedømet med senter i Vladimir. I 1238 vart området erobra av mongolane, og byane vart plyndra og sterkt øydelagde. På 1400-talet ekspanderte fyrstedømet i Moskva inn i området. Jaroslavl vart overtatt av Moskva i 1463 og Rostov i 1474.
I 1796 vart Jaroslavl provinshovudstad i ein eigen Jaroslavl provins.
Under den russiske revolusjonen kom området under sovjetisk kontroll frå starten, i oktober 1917. Eit kontrarevolusjonært opprør i Jaroslavl i juli 1918 vart brutalt slått ned. I 1936 vart det noverande Jaroslavl oblast oppretta.
[endre] Eksterne kjelder
Jaroslavl oblast sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk
|