Peter Tsjajkovskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Tsjajkovskij (7. mai 1840–6. november 1893), russisk Пётр Ильи́ч Чайко́вский; eller Pjotr Illitsj Tsjajkovskij, var ein russisk romantisk komponist.
Han har skrive seks symfoniar, ti operaer, ballettar, strykekvartettar, songar og pianostykke. Dei mest kjende verka hans er kanskje dei tre eventyrballettane, Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren.
Sjølv om han ikke var medlem av den russisk-nasjonalistiske gruppa av komponister som vart kalla «den mektige handfullen», har musikken hans vore kjent og elska for sin særskilde russiske karakter, for ikkje å snakka om dei rike harmoniane og vakre melodiane han inneheld.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Tjaikovskij viste tidleg musikalske evner og byrja å spela piano då han var fem. Han drog til musikkonservatoriet i St. Petersburg i 1861, der han blei i fire år. I 1866 blei han utnemnd til professor i musikkteori og harmoni ved konservatoriet i Moskva, som blei oppretta same året. Denne posten heldt han til rundt 1878.
Han gifta seg med Antonina Miljukova i 1877, men ekteskapet passa ikkje Tsjaikovskij. Han prøvde først å ta livet sitt og flykta til St. Petersburg som eit nervevrak. Dei blei separerte etter seks veker.
Til forskjell frå privatlivet hadde Tsjaikovskij stor framgang som komponist. Han blei kjend i resten av verda, og turnerte i Europa og USA.
I 1893, berre ni dagar ettar uroppføringa av den sjette symfonien hans, Symphonie Pathétique, døydde Tsjaikovskij. Dødsårsaken er alltid blitt heilt avklart, men dei fleste forskarar er einige om at det var sjølvmord.
Komponisten blei gravlagd ved Alexander Nevsky-klosteret i St. Petersburg.
[endre] Verk
Symfoniar
- 1. Symfoni g-moll op.13 "Vinterdagdraumar" (1866)
- 2. Symfoni c-moll op.17 "Vesle russiske" (1872)
- 3. Symfoni D-Dur op.29 "Polske" (1875)
- 4. Symfoni f-moll op.36 (1877)
- Manfred-symfoni i fire bilde over eit dramatisk dikt av Byron, h-moll op. 58 (1886)
- 5. Symfoni e-moll op.64 (1888)
- 6. Symfoni h-moll op.74 "Pathétique" (1893)
Ballettar
- Svanesjøen (1876)
- Nøtteknekkaren (1892)
- Tornerose (1889)
- Wojewode
- Undine
- Opritschnik
- Smeden Wakula (andre utgåve vart kalla Cherevichki)
- Eugen Onegin
- Jomfrua av Orleans
- Mazeppa
- Trollkvinna
- Spar dame
- Jolanthe
Orkesterverk
- Pianokonsert nr. 1 op. 23 i b-moll (1875)
- Pianokonsert nr. 2 op. 44 i G-dur (1880)
- Pianokonsert nr. 3 op. 75 i Ess-dur (1893 - ikkje fullført, offentleggjort posthumt)
- Konsert for fiolin og orkester op. 35 (1878)
- Capriccio Italien op. 45 (1880)
- 1812-overtyra op. 49 (1880)
- Romeo og Julie - Fantasieovertyre op. 18 (1869, revidert 1870 og 1880)
- Hamlet Fantasiovertyre op. 67 (1888)
- Slavisk marsj, op.31
Klaververk
- Scherzo à la russe (1867)
- Valse-Caprice (1868)
- Årstidene op. 37b (1876)
- Dumka op.59 (1886)
- Ulike korte stykke som Impromptus, Valsar, Polkaer, Mazurkaer
[endre] Liste over verk
[endre] Diverse
Tsjajkovskij blei til og med foreviga på ein moderne russisk mynt.