Rote Armee Fraktion
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rote Armee Fraktion, eller den «Raude armé-fraksjonen» (RAF) var ei venstreradikal terroristgruppe ansvarleg for ei rad terroraksjonar frå 1970 til byrjinga av 1990 talet. Gruppa var samansett av m.a. Andreas Baader, Gudrun Ensslin, Horst Mahler, Ulrike Meinhof med fleire. RAF vart skipa i 1970 i Tyskland, og løyste seg sjølv endeleg opp i 1998.
RAF ynskja etter førebilete av søramerikanske motstandskjemparar, særskilt Tupamaroane i Uruguay, å føre ein væpna kamp som bygerilja mot «systemet». «Systemet» tyda i RAF sitt høve den kapitalistiske staten og «den amerikanske imperialismen». Denne undergrunnskampen var meint å styrke den internasjonale «fridomsrørsla». Grunna terroraksjonar eller gisseltakingar vart 34 personar drepne og eit større antal skadde. I tillegg døydde 20 medlemmer av RAF.
I media i samtida vart RAF ofte omtala som «Baader-Meinhof gruppa» eller «Baader-Meinhof banden». I dag nyttar ein normalt det sjølvvalde, raude arme inspirerte namnet.
Ser ein på utviklinga av RAF er det mogleg å skilje fleire ulike «generasjonar», med liten eller ingen personleg samanheng mellom seg. Desse «generasjonane» skilde seg i høve til organisasjonsstrukturen såvel som endringar i båe teori og praksis.
Innhaldsliste |
[endre] Kronikk over RAF
[endre] Opphav
Den første RAF generasjonen kom i hovudsak frå den militante fløyen av ulike venstregrupperingar , kommunistiske utbrytarparti (“K-grupper”) av den oppløyste (“utanomparlamentariske”) opposisjonelle studentrøyrsla (APO, außerparlamentarischen opposition) mot slutten av 1960 talet.
Etter strategidiskusjonar i studentrørsla om legitimiteten til “vald mot ting” sette Baader og Ensslin saman med Thorwald Proll og Horst Sohnlein 2. april 1969 fyr på to varehus i Frankfurt. Brannane skulle vere ein protest mot Vietnamkrigen. Brannstiftarane vart arresterte to dagar seinare og 31. oktober 1968 vart Baader, Ensslin, Proll og Söhnlein dømde til fleirårige fengselsstraffer. Under rettssaka traff Ensslin journalisten Ulrike Meinhof for første gong. Saka vart endå anka til forbundsretten, og dei fire slapp ut av fengselet med plikt til å melde seg for politiet regelmessig.
Då forbundsretten stadfesta den tidlegare dommen gjekk brannstiftarane under jorda. Saman med forsvararen deira, Horst Mahler bestemde dei seg for å grunnleggje ein bygerilja-tropp etter latinamerikansk førebilete (jf. “Minihandbuch des Stadtguerilleros” av Carlso Marighella og “fokusteorien” til Che Guevara og Régis Debray). Denne planen vart endå ikkje gjennomført grunna arrestasjonen av gruppeleiaren Andreas Baader. Den første aksjonen til RAF vert slik rekna for å vere den følgjande frigjeringa av Baader.
Frigjeringa vart gjennomført 14. mai 1970. Andreas Baader var ført til Berlin sitt “Institutt for sosiale spørsmål” då journalisten Ulrike Meinhof hevda ho ville skrive ei bok om barneheimsungar saman med han. Høvet vart nytt til å frigjere Baader gjennom bruk av skytevåpen, og ein tilsett ved instituttet, Georg Linke, vart alvorleg skadd av eit skot.
I oppbyggjingsfasen fekk gruppa merksemda til staten gjennom ei rad av bankran, kjørety- og dokument tjuveri. RAF steig ut i allmenta i april 1971 med strategiskriftet “Bygeriljakonseptet” (“Das Konzept Stadtguerilla”). Skriftet gav grunnlaget til ei landsomfattande jakt på dei omlag femti gruppemedlemmane.
Endå ein i litteraturen ordskiftast om brannstiftingane i Frankfurt var den eigentlege skipinga av RAF, vert normalt frigjeringa av Baader rekna som den eigentlege skipingsaugneblinken til RAF. Dette svarar og til sjølvforståinga til RAF.
[endre] Den første generasjonen
Den “første generasjonen” (Andreas Baader, Gudrun Ensslin, Holger Meins, Ulrike Meinhof, Jan-Carl Raspe og andre) var aktiv frå 1970 til 1972. Dei leiande medlemmane vart arresterte i juni 1972, reist tiltate mot i mai 1975 og, etter 192 dagar i retten, dømde til livsvarig fengsel for mellom anna mord.
I fengselet klaga terroristane over dei skjerpa fengslingsvilkåra som vart stilde til dei. Dei omtala vilkåra som “isolasjonstortur” (jf. menneskerettskonvensjonen) og krevja, mellom anna, ei oppheving av statusen deira som krigsfangar. For å knytte vekt til krava sine vart det gjennomført fleire svoltestreikar, som resulterte i at Holger Meins døydde i Wittlich-fengselet 9. november 1974. Aksjonane fekk og, med hjelp av forsvarane deira (som til dømes dei seinare sjølve sakgjevne advokatane Horst Mahler og Klaus Croissant), resonnans i allmenta. Mellom dei kjende forsvararane til den første RAF generasjonen finn ein seinare ”Die Grünen” (eit av venstrepartia i Tyskland) politikarane Hans-Christian Ströbele og noverande innanriksminister Otto Schily.
Eit intervensjonsforsøk frå allmenta kom gjennom den franske filosofen Jean Paul Sartre, som prøvde mekle i striden om fangane.
Den 25. april 1975 hærtok seks tyske terroristar under namnet “Kommando Holger Meins” delar av den tyske ambassaden i Stockholm, og krevde at dei fengsla RAF-toppane vart frigjorde.
Etter at Forbundsregjeringa ikkje etterkom krava vart militærattattachéen oberstløytnant Andreas von Mirbach og økonomiattachéen Heinz Hillegaart drepne.
Ein av terroristane utløyste ved eit mistak ein eksplosjon, som sette bygninga i brann. Brannen tok livet av terroristen Ulrich Wessel, og påførte RAF-medlemmet Siegfried Hausner skader som han seinare døydde av. Dei fire siste RAF-medlemmane vart seinare dømde.
Leiande medlemmar av den "første generasjonen" døydde mellom 1976 og 1977 i fengselet. Etter at Ulrike Meinhof døydde, etter opplysningar frå styresmaktene grunna sjølvmord - fulgte dei likeins grunngjevne dødsfalla til Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe. I mellomtida mislukkast båe bortføringa av Hanns-Martin Schleyer og kapringa av Lufthansa-flyet Landshut i å tvinge styresmakten til å sette fangane fri.
Irmgard Möller var den einaste av dei fengsla som overlevde. Ho avfeiar den dag i dag styresmaktene si offisielle forklaring om eit planlagd, kollektivt sjølvmord. Omstenda rundt dødsfalla har gjeve grobotn for tvil i høve til dei offisielle forklaringane. Kort tid etter dødsfalla rapporterte vekemagasinet Stern at ein grunna byggjearbeid hadde slege av alarmsløyfene knytt til nødutgangstrappa i fengselet. Slik kunne uautoriserte personar fått tilgang til fangane. Enkelte har mistanke om innblanding frå tryggjingstenestane; konkrete prov på dette finst endå ikkje. Dei "tekniske" omstenda rundt sjølvmorda; måten mordvåpna vart nytte på, nyttar skeptikarar som grunnlag for å stille spørsmål ved sjølvmordstesa. Óg noverande innanriksminister Otto Schilly ytra den gong tvil i høve til sjølvmordstesa.
[endre] Den andre generasjonen
Den “andre generasjonen” voks fram etter arrestasjonane av stordelen av den første generasjonen, og prøvde i hausten 1977 (“den tyske hausten”) å tvinge staten til å frigjere den fengsla “første generasjonen" gjennom kidnappinga av leiaren for arbeidsgjevarforbundet; Hanns-Martin Schleyer.
For å auke trykket på forbundsregjeringa, kapra ei gruppe arabiske terroristar Lufthansa-passasjerflyet “Landshut”, og førte det til Mogadischu i Somalia, og tok passasjerane som gissel. Gisseltakinga tok slutt gjennom at krisestaben til forbundsregjeringa (under forbundskansler Helmut Schmidt (SPD)) etter ein avtale via den tyske forhandlingsleiaren Hans-Jurgen Wischnewski med den somaliske regjeringa under Siad Barre. Spesialkommandoane i grenseskyddsgruppa GSG9 frigjorde det kapra flyet utan å skade ein einaste passasjer. Tre av dei fire gisseltakarane vart skotne, den siste; Souhaila Andrawes overlevde.
Få timar etter frigjeringsaksjonen begjekk, etter den offisielle forklaringa, Baader, Ensslin og Raspe sjølvmord i cellene sine (den såkalla “Stammheim dødsnatta”). Deretter gjennomførte den nye RAF generasjonen truslane sine, og drap Hanns-Martin Schleyer.
Medlemmar av den "andre generasjonen" fekk organisatorisk og finansiell hjelp frå DDR. Vidare lukkast det enkelte RAF-medlemmar med hjelp frå Stasi å gå under jorda i DDR. Etter at DDR braut saman i 1989 vart medlemmane sine nye identitetar avdekte. Susanne Albrecht, Inge Viett, Werner Lotze, Ekkehard Freiherr von Seckendorff-Gudent, Christine Dümlein, Monika Helbing, Silke Maier-Witt, Henning Beer, Sigrid Sternebeck og Ralf-Baptist Friedrich vart i dømde for dei straffbare gjerningane sine. Då dei var villige til å gje opplysningar fekk fleirtalet status som hovudvitne. Dei tidlegare støttespelarane i DDR vart ikkje førte for retten.
[endre] Den tredje generasjonen
Den "tredje generasjonen", etter informasjon frå den tyske overvåkingstenesta (BfV) ei samanslutning av opptil 250 personar, vert skulda for gjennomføringa av sabotasjeaksjonar og fleire mordanslag. Dei avretta kjende personar frå tysk politikk og næringsliv. Den "harde kjerna" omfatta omlag 15 - 20 personar.
Dei vert m.a. skulda for attentatet på Siemens-direktøren Karl Heinz Beckurts, sjefen for Deutsche Bank Alfred Herrhausen og sjefen for Treuhandanstalt Detlev Karsten Rohwedder. Granskinga av desse dødsfalla er enno ikkje avslutta.
Den 4. juli 1993 kjem det til skotveksling i Bad Kleinen ved Scwerin under arrestasjonen av RAF-medlemmane Wolfgang Grams og Birgit Hogefeld. Den 26-årige GSG-9-tenestemannen Michael Newrzella og Grams døyr. Etter opplysningar frå den seinare granskinga skaut Grams, etter at han hadde drept Newrzella med ein medbrakt pistol, seg sjølv for å unsleppe arrestasjonen. Særskilt i sympatiserande kretsar spreidde mistanken om at Grams vart skoten av ein GSG-9 mann seg. Føre alt då fleire uavhengige vitne stadfesta denne hendingsfølgja.
Då ein gjekk omstenda rundt operasjonen nærare i saumane kom det fram vesentlege manglar ved rapporten frå dei ulike etterforskingsorgana. Ein fann og manglar ved sikringa av spor. Grunna den offentlege debatten som følgde gjekk den dåverande innanriksministeren Rudolf Seiters av, og forbundsadvokaten Alexander von Stahl vart seinare avsett.
Wolfgang Grams vert skulda for å ha drepe sjefen for Treuhandstat, Detlev Karsten Rohwedder, den 1. april 1991 i Düsseldorf. Forbundsadvokatstanden gjorde kjend at ein gjennom ei DNA-analyse av spor på åstaden hadde klare prov på at Grams var medskuldig.
Den 15. september 1999 vart Andrea Klump og Horst Ludwig Meyer tekne av den austerrikske politiet. Ved ei skotveksling døydde Meyer. Han vart skulda for å ha delteke i det planlagde drapet på Beckurts. Grunna dødsfallet til Meyer vart saka endå ikkje handsama i rettssystemet. Skuldinga om at Klumps var RAF-medlem er ikkje klarlagd, og i ein rettsprosess vart denne kalla attende.
[endre] Oppløysinga av RAF
Den 20. april 1998 vart ei erklæring på åtte sider gjort kjend, der RAF oppløyste seg sjølv. I erklæringa stod det: "For snart 28 år sidan, den 14. mai 1970, oppstod i ein frigjeringsaksjon RAF. I dag avsluttar vi dette prosjektet. Bygeriljaen i form av RAF er no historie."
Teksten i oppløysingserklæringa er offentleggjort på verdsveven (på tysk) sjå : [1] und [2].
[endre] Personar og aksjonar
[endre] Oversikt over RAF-aksjonar
Dato | Stad | Aksjon | Merknader |
---|---|---|---|
11. mai 1972 | Frankfurt am Main | Bombeåtak på ei amerikansk kaserne i Frankfurt a. M. | 1 person døyr og 13 vert skadde |
12. mai 1972 | Augsburg og München | Bombeåtak på ei politiavdeling i Augsburg og LKA i München | 5 polititenestepersonar vert skadde |
16. mai 1972 | Karlsruhe | Bombeåtak på bilen til forbundsdommaren Buddenberg | Kona hans køyrde bilen, og vert skadd |
19. mai 1972 | Hamburg | Bombeåtak på Springer forlagshuset | 17 personar vert skadde |
24. mai 1972 | Heidelberg | Bombeåtak på den amerikanske hæren sitt hovudkvarter i Europa | 3 soldatar døyr, 5 vert skadde |
25. april 1975 | Stokholm | Hærsetjing av den tyske ambassaden. Andreas von Mirbach og Dr. Heinz Hillegaart vert drepne | 4 personar døyr, av dei 2 terroristar |
27. juni-4. juli 1976 | Entebbe | Saman med Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP) kapring av Air France flyavgang 139 med 246 passasjerar. (Sjå operasjon Entebbe) | 9 personar døyr, av dei 6 terroristar |
7. April 1977 | Karlsruhe | Avretting av forbundsadvokat Siegfried Buback | Bilføraren og ein justistenestemann vert óg skotne. |
30. Juli 1977 | Oberursel (Taunus) | Styreleiaren av Dresdner Bank, Jürgen Ponto, vert, under forsøket på å bortføre han, skoten i huset sitt. | |
5. September 18. Oktober 1977 |
Köln og seinare Mülhausen (Elsass) |
Bortføring av leiaren for arbeidsgjevarforeninga Hanns-Martin Schleyer. Schleyer vert seinare avretta med tre skot i bakhovudet | Ved bortføringa vert tre polititenestemenn og ein bilførar drepne. |
8. august 1985 | Wiesbaden/Frankfurt | Den 20-årige amerikanske soldaten Edward Pimental vert avretta med eit nakkeskot | RAF nyttar identitetskortet hans til å plassere ei bilbombe på Rhein-Main flyplassen. RAF og franske "Action directe" vedkjenner seg aksjonen. 2 personar døyr og 11 vert skadde. |
9. juli 1986 | Straßlach (ved München) | Bombeattentat og avretting av Siemens-direktøren Karl Heinz Beckurts og bilføraren hans; Eckhard Groppler | |
10. oktober 1986 | Bonn | RAF avrettar byråsjefen i utanriksdepartementet, Dr. Gerold von Braunmühl | |
30. november 1989 | Bad Homburg v. d. Höhe | Bombenattentat på bankmannen Alfred Herrhausen | Skuldsspørsmålet er enno ikkje avgjort |
1. april 1991 | Düsseldorf | Avretting av leiaren for Treuhandanstalt Detlev Karsten Rohwedder i heimen hans i Düsseldorf | Skuldsspørsmålet er enno ikkje avgjort, deltakinga til Wolfgang Grams er prova |
27. mars 1993 | Weiterstadt | Sprengstoffåtak på det nye fengselsbygget ved Weiterstadt (nær Frankfurt flyplassen). | Skuldsspørsmålet er enno ikkje avgjort; ingen skadde, materielle skadar på 123 millionar DM. |
[endre] RAF sine offer
Mellom 1970 og 1997 vart 34 personar drepne av RAF, dette er:
Norbert Schmidt, Herbert Schoner, Hans Eckhard, Paul Bloomquist, Clyde Bronner, Ronald Woodward, Charles Peck, Andreas von Mirbach, Dr. Heinz Hillegaart, Fritz Sippel, Siegfried Buback, Wolfgang Göbel, Georg Wurster, Jürgen Ponto, Heinz Marcisz, Reinhold Brändle, Helmut Ulmer, Roland Pieler, Arie Kranenburg, Dr. Hanns-Martin Schleyer, Hans-Wilhelm Hansen, Dionysius de Jong, Johannes Goemans, Edith Kletzhändler, Dr. Ernst Zimmermann, Edward Pimental, Becky Bristol, Frank Scarton, Prof. Dr. Karl Heinz Beckurts, Eckhard Groppler, Dr. Gerold von Braunmühl, Dr. Alfred Herrhausen, Dr. Detlev Karsten Rohwedder og Michael Newrzella (omstridt).
[endre] RAF medlemmar som døydde
I det same tidsrommet døydde 20 personar knytte til RAF. Ved attentat, arrestasjonar, grunna sjølvmord, sjukdom eller ulukke døydde :
Petra Schelm, Thomas Weisbecker, Holger Meins, Ulrich Wessel, Siegfried Hausner, Katharina Hammerschmidt, Ulrike Meinhof, Andreas Baader, Gudrun Ensslin, Jan-Carl Raspe, Ingrid Schubert, Willy-Peter Stoll, Michael Knoll, Elisabeth von Dyck, Juliane Plambeck, Wolfgang Beer, Sigurd Debus, Johannes Thimme, Wolfgang Grams og Horst Ludwig Meyer.
Sjå og: Liste over offera på rafinfo.de (tysk)
Kjelde: Klaus Pflieger: Die Aktion "Spindy" - Die Entführung des Arbeitgeberpräsidenten Dr. Hanns-Martin Schleyer, Baden-Baden 1997. ISBN 3789045985
[endre] RAF medlemmar som sit i fengsel
Med Eva Haule (sidan 1986), Birgit Hogefeld (sidan 1993), Christian Klar (sidan 1982) og Brigitte Mohnhaupt (sidan 1982) sit enno fire personar tidlegare knytte til RAF i tyske fengsel. Rolf Clemens Wagner, som i hovudsak var aktiv i RAF på 1970-talet, vart sett fri 9. desember 2003 etter 24 år i fengsel. Adelheid Schulz, som vart dømd til livsvarig fengsel grunna mellom anna bortføring og seinare drapet av Hanns-Martin Schleyer, fekk ettergjeve straffa si av den dåverande Forbundspresidenten Johannes Rau. Schulz var allereie sidan oktober 1998, av medisinske årsakar, fri frå fengselet. I oktober 2001 vart fengselsstraffa til Rolf Heißler endra til laussetjing på prøve. Han vart i 1982 dømt til livsvarig fengselsstraff. Den tidlegare terroristen Andrea Klump sit (sidan 2001) i fengsel. Ho er endå usamd i skuldingane om tilknytning til RAF, og skuldinga vart mellombels kalla attende i ein rettsprosess.
Kjelder: [3], [4], [5], [6], [7], [8] og [9]
[endre] Om teoriane til RAF
Etter dei skriftlege levingane etter RAF (i hovudsaka frå "den første generasjonen") kan ein i utgangspunktet kategorisere RAF som ei radikalisert revolusjonær-sosialistisk gruppering. Dei sette seg inn i neomarxismen til "frankfurt-skulen" og knytte seg endå til denne etter radikaliseringa, endå representantane for denne skulen bestemde seg for å distansere seg frå terrorisme. I skriftene deira knyttar dei seg dels og til marxist-leninistiske teoriar; ein kan konstatere maoistiske tendensar. Det er slik vanskeleg å karakterisiere dei som "neomarxistiske terroristar".
RAF var tydeleg fylt av eit erklært hat mot "systemet" og statsapparatet til forbundsrepublikken Tysklnad. Dei trekte, som den "utanomparlamentariske opposisjonen" (APO) før dei, fram det dei hevda var fascistiske tendensar i det vestleg-europeiske samfunnet, særskilt den "ufullendte", "tilgjevne" og enno fungerande nasjonalsosialitiske fortida til Tyskland. Den første generasjonen ("Baader-Meinhof-gruppa") og der særskilt den tidlegare journalisten Ulrike utvikla ein venstreradikal intellektuell teori som til tider syner seg vere overraskande klår. Den er endå prega av å vere prega av eintydig ideologi. Av venstreorienterte "utanomparlamentariske intellektuelle" i samtida, som t.d. Rudi Dutschke vart innhaldet i den radikaliserte teorien og terroristpraksisen ikkje støtta. I dagbøkene til Dutschke såg han "RAF-dumskap" (30.11.1974) og meinte: "Dei negative utslaga av RAF-skiten ser ein fleire stader, CDU/CSU særskilt, Regjeringa generellt og enkelte i RAF-skiten verkar stå saman: om å hemmen den politiske klassekampen!!" (1.12.1974) [grovt omsett] RAF-skriftene/-posisjonane vart, ikkje minst grunna brotsverka til RAF, ikkje diskuterte i stordelen av allmenta. I store delar galdt dette óg like mykje for ulike kritiske meiningsytringar (døme: Daniel Cohn-Bendit i ei fjernsynsdiskusjon om Hans-Martin Schleyer[;der Göttinger Mescalero über das Buback-Attentat]). Desse vart endå ikkje sett på som alvorlege bidrag til den politiske diskursen, og i den offentlege diskusjonen (framfor alt i massemedia, som Bild-Zeitung) ikkje handsama åtskilt frå skriftene til RAF sjølve, i staden til tider vurdert negativt som utsegn frå "sympatisørar".
Kjelde Dutschke-dagbøkene: Rudi Dutschke: Jeder hat sein Leben ganz zu leben - Die Tagebücher 1963-1979, Gretchen Dutschke (Hrsg.). ISBN 3462032240
[endre] Tilarbeidingar
[endre] Filmar
- Deutschland im Herbst, ulike kortfilmar frå fleire regissørar, Tyskland 1978, regi: Rainer Werner Fassbinder, Volker Schlöndorff o.a.
- Die bleierne Zeit, Spelefilm, Tyskland 1981, regi: Margarethe von Trotta
- Stammheim, doku-drama, Tyskland 1986, regi: Reinhard Hauff, Manus: Stefan Aust
- Todesspiel, doku-drama, Tyskland 1997, regi: Heinrich Breloer
- Das Phantom, polit-thriller, Tyskland 1997, regi: Dennis Gansel
- Die innere Sicherheit, spelefilm, Tyskland 2000, regi: Christian Petzold
- Die Stille nach dem Schuss, spelefilm, Tyskland 2000, regi: Volker Schlöndorff
- Black Box BRD, dokumentarfilm, Tyskland 2001, regi: Andres Veiel
- Baader-Meinhof: In Love with Terror", dokumentarfilm, Storbritannia 2002
- Baader, spelefilm, Tyskland 2002, regi: Christopher Roth
- Starbuck Holger Meins, dokumentarfilm, Tyskland 2003, regi: Gerd Conradt
- Stockholm 75, dokumentarfilm, Sverige 2003, Regi: David Arnowitsch
- Andreas Baader - Der Staatsfeind, dokumentarfilm, Tyskland 2003, Regi: Klaus Stern
- Im Fadenkreuz-Deutschland & die RAF, dokumentarfilm, Tyskland
[endre] Litteratur
På tysk:
- Gerhard Wisnewski, Wolfgang Landgraeber, Ekkehard Sieker: Das RAF-Phantom - Wozu Politik und Wirtschaft Terroristen brauchen. ISBN 3-426-80010-1
- Wolfgang Landgraeber, Ekkehard Sieker, Gerhard Wisnewski: Operation RAF - Was geschah wirklich in Bad Kleinen?. ISBN 3-426-80048-9
- Stefan Aust: Der Baader Meinhof Komplex. ISBN 3442129532
- Oliver Tolmein og Irmgard Möller: RAF - Das war für uns Befreiung. ISBN 3894582170
- Margrit Schiller og Jens Mecklenburg: Es war ein harter Kampf um meine Erinnerung - Ein Lebensbericht aus der RAF. ISBN 349223304X
- Pieter Bakker Schut: 20 Jahre Stammheim - Die notwendige Korrektur der herrschenden Meinung. ISBN 3890290108
- Andreas Veiel: Black Box BRD - Alfred Herrhausen, Die deutsche Bank, Die RAF und Wolfgang Grams. ISBN 3421054681
- Alexander Straßner: Die dritte Generation der RAF - Entstehung, Struktur, Funktionslogik und Zerfall einer terroristischen Organisation, Wiesbaden 2003. ISBN 3531141147
- Thorwald Proll: Wir kamen vom anderen Stern ISBN 3894014202
- Carsten Polzin: Deutscher Herbst im Bundesverfassungsgericht - Zur verfassungsrechtlichen und verfassungspolitischen Dimension terroristischer Entführungsfälle. [10]
- Alexander König: "Mythos RAF" (1970-1972): Terroristisches oder totalitäres Denken?, in: Diethelm Schneider und Matthias Wallich: Terror und Theologie. St. Ingbert 2003, S. 213-229. ISBN 3861103540
- Wolfgang Kraushaar, Jan Philipp Reemtsma und Karin Wieland: Rudi Dutschke, Andreas Baader und die RAF, Hamburger Edition, Februar 2005. ISBN 3936096546
- Willi Winkler: Die Geschichte der RAF. Berlin 2005
- Bakker Schut, P. H. (Hrsg.): Todesschüsse - Isolationshaft - Eingriffe ins Verteidigungsrecht (Berlin, 1995)
- Klusmeyer, Gerd (V.i.S.d.P.): Dokumentation zu den Haftbedingungen der Gefangenen aus der RAF und aus dem Widerstand (Hannover, 1985)
- Tolmein, O.: RAF - Das war für uns Befreiung. Ein Gespräch mit Irmgard Möller über bewaffneten Kampf, Knast und Linke (Hamburg, 2002)
- Veiel, A.: Black Box BRD (Stuttgart / München, 2002)
- Maurer, S.: Isolationshaft in Justizvollzugsanstalten der Bundesrepublik Deutschland ... erläutert am Beispiel der ehemaligen Rote Armee Fraktion (RAF) Bezugsquelle
- Astrid Proll: Hans und Grete - Bilder der RAF 1967-1977, Aufbau-Verlag, Berlin 2004. ISBN 3351025971
[endre] Biletkunst
På tysk:
- 18. Oktober 1977 (Gemäldezyklus), 1988), av Gerhard Richter, i samlinga til Museum of Modern Art i New York.
- Zur Vorstellung des Terrors: Die RAF. Ausstellung, kontroversiell utstilling med verk frå 50 kunstnerar, kan sjåast fram til midten av mai 2005 i "Berliner Kunst-Werken" (utstillinga vert diskutert (på tysk) m.a. på [11], [12], [13], [14] og Wikinews-Artikel).
[endre] Lenkjer
På tysk:
- Det Tyske Historiske Museum i Berlin har på sida si noko informasjon om RAF.
- Primærkjelder frå samtida til RAF finn ein m.a. på rafinfo.de og ei dokumentsamling frå "det venstreorienterte informasjonssystemet" Nadir.org. Ein finn óg pdf-versjonar av ei materialsamling frå "Independent Verlagsgesellschaft" på veven (sjå [15]).
- Extremismus.com gjer på [16] ei særskilt skildring av "den andre generasjonen".
- Oppløysingserklæringa til RAF: [17] eller [18]
- Litteraturliste (eng.): "Rote Armee Fraktion - a.k.a. Baader-Meinhof Gang"
- "Wie es Andreas Baader gelang, seine kriminelle Hochstaplerexistenz in eine politische Mission umzuwidmen" - utdrag (22.01.2005) frå "Rudi Dutschke, Andreas Baader und die RAF" (ISBN 3936096546)
- "Der deutsche Herbst - Die Geschichte der RAF" - Meir enn 150 arkivskildringar frå avisa Frankfurter Rundschau
- "For frigjeringa av RAF-fangane" - kampanje frå Roten Hilfe