Slaget om Stalingrad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget om Stalingrad er ei nemning på eit stort militærslag under andre verdskrigen. Slaget fann stad i og kring byen Stalingrad, no Volgograd. Slaget gjekk føre seg frå tidleg på hausten 1942 til 2. februar 1943, med svært intense kampar frå hus til hus i byen. Begge sider leid enorme tap. Slaget er i ettertid rekna som eit avgjerande vendepunkt i krigen. Etter 2. februar 1943 måtte den tyske hæren i hovudsak forsvara seg mot framrykkande styrkar frå den raude arméen, som kjempa i det som i Russland vert kalla den store fedrelandskrigen. Slaget vart særleg symbolsk av di byen var oppkalla etter den sovjetiske statsleiaren Josef Stalin.
[endre] Bakgrunn
Den 22. juni 1941 invaderte Tyskland og med hjelp av allierte Sovjetunionen i Operasjon Barbarossa. Styrkane rykka snøgt djupt inn i landet. Etter ei rad nederlag sommaren og hausten 1941 gjekk dei sovjetiske styrkane til motåtak ved slaget om Moskva i desember 1941. Dei utslitne tyske styrkane var dårleg utstyrt for vinterkrig og med lange forsyningsliner. Dei vart difor stogga i sin marsj mot den sovjetiske hovudstaden.
Dei tyske styrkane klarde å stabilisera fronten våren 1942. Planar om å starta ein ny offensiv mot Moskva vart skrinlagde, då armegruppe senter var alvorleg svekka. Den tyske overkommandoen visste samstundes at tida var i ferd med å renna ut; USA hadde vorte med i krigen etter det japanske åtaket på Pearl Harbor. Hitler ynskte å avslutta kampane på austfronten, eller i det minste redusera dei før USA vart tungt involvert i krigen i Europa.
På grunn av dette vart nye offensivar i nord og sør vurdert. Ein offensiv mot den sørlege delen av Sovjetunionen ville sikra kontrollen over det petroleumsrike Kaukasus, i tillegg til elva Volga. Elva var ein viktig del av det sovjetiske transportsystemet i sentralasia. Ein tysk siger i sør ville alvorleg svekka krigsevna og økonomien til heile unionen. Ein annen ressurs Tyskland trakta etter i dette området var vide og grøderike område for jordbruk.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |