Slaviske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei slaviske språka er ei grein av dei indoeuropeiske språka.
Etter gjeldande vitskaplege syn er dei komne frå såkalla urslavisk, som stod nær det eldste slaviske skriftspråket, gammalkyrkjeslavisk (frå 900-talet). Frå gammalkyrkjeslavisk utvikla det seg på 1000-talet ulike variantar, som ein tradisjonelt kallar kyrkjeslavisk. Ein skil da mellom bulgarsk-kyrkjeslavisk, russisk-kyrkjeslavisk, serbisk-kyrkjeslavisk, kroatisk-kyrkjeslavisk og tsjekkisk-kyrkjeslavisk.
Det er tre undergrupper av dei slaviske språka. Dei er austslaviske språk, vestslaviske språk og sørslaviske språk. Dei viktigaste austslaviske språka er russisk, kviterussisk og ukrainsk, dei viktigaste vestslaviske er polsk,tsjekkisk, slovakisk og sorbisk, og dei viktigaste sørslaviske er bulgarsk, slovensk, makedonsk og serbokroatisk. Det siste kan òg sjåast som tre ulike språk, bosnisk, kroatisk og serbisk. Om dette er det usemje.
Slaviske språk |
Austslaviske: | kviterussisk | russisk | ukrainsk |
Vestslaviske: | tsjekkisk | slovakisk | polsk | pommersk | kasjubisk | sorbisk |
Sørslaviske: | bulgarsk | makedonsk | bosnisk | serbokroatisk | slovensk |
Indoeuropeiske språk |
albansk | anatolisk | indoiransk | gresk | italisk | keltisk | germansk | armensk | tokarisk | slavisk | baltisk |
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |