SPQR
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SPQR er ei forkorting for Senatus Populusque Romanus, dvs. «senatet og det romerske folket». Forkortinga var først ei nemning på den romerske republikken og deretter Romarriket under dei romerske keisarane. Forkortinga har seinare vore nytta som eit synonym for Roma kommune.
Inskripsjonen på Saturntempelet på Forum Romanum (i Roma) lyder: «SENATVS POPVLVSQVE ROMANVS INCENDIO CONSVMPTVM RESTITVIT»[1], dvs. «Senatet og det romerske folket attoppbygde dette (tempelet), etter at det vart øydelagd av eld». Dette var i år 320.
Nokre gongar vert den meir humoristiske italienske forvrenginga Sono Pazzi Questi Romani, d.v.s. Dei er ikkje kloke, dei der romarane. Mellom anna er dette kjend frå teikneserien om Asterix.