Thomas Malthus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Robert Malthus (4. februar 1766–23. desember 1834) var ein prest og samfunnsforskar fødd i Surrey i England. Han er mest kjend for sine teoriar om folkesetnadsutvikling. I 1798 gav han ut eit verk som bar tittelen «An Essay on the Principle of Population». Boka formulerte ei «befolkningslov» som sa at befolkningsveksten alltid vil vera høgare enn veksten i matproduksjon, slik at så lenge denne befolkningslova virkar vil befolkninga bli justert i t.d. katastrofer som hungersnaud.
Malthus reiste på ymse forskingsreiser. I 1799 reiste han gjennom Noreg frå Halden til Trondheim. Av Malthus fins ei reisedagbok frå denne reisa.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |