Geometri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geometri i si enklaste form omfattar areal og dimensjonar av objekt, og den matematikken som er forbunde med dette. Dei første læresetningane innan geometri vart truleg utvikla av egyptarane, som kvart år måtte måla opp landområde om att etter at Nilen hadde flauma over.
Nokre av dei vanlegaste geometriske objekta er:
- Areal = side*side (A=s²)
-
- Rektangel – har fire hjørne på 90 grader.
-
- Areal=lengde*høgde.
- Omkrins=2*(lengde + høgde) eller O=2*lengde+2*høgde
- Sirkel – ein uendeleg mengde punkt med same avstand frå eit senterpunkt.
- Areal=π*r² (A=πr²)
- Omkrins=Diameter*π (O=D*π eller O=2πr)
Euklid blir kalla geometrien sin far, og skreiv mellom anna boka Elementa. Han utforma den klassiske (euklidske) geometrien som baserte seg på aksiomar og grunnleggjande definisjonar som vart brukte til å trekka logiske slutningar. Slik bygde han opp eit sinnrikt system av læresetningar om diverse geometriske figurar. Denne framgangsmåten danna etterkvart grunnlaget for matematikken slik han framstår i dag. Han er også oppbygd som eit aksiomatisk system. Euklids geometri er eit prakteksempel på det aristoteliske vitskapsidealet.
Seinare er det utvikla alternative geometriar som for eksempel projektiv geometri eller affin geometri.