Adygeja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Majkop | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 85. 7 600 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 74. ca. 447 000 (2002) |
||||
Føderalt distrikt | Sørlige | ||||
Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
Regionsnummer | 01 | ||||
Offisielt språk | Russisk, Adygisk | ||||
President | Aslantsjerij Tkhakusjinov | ||||
Nasjonalsong | Adygeyas hymne | ||||
Tidssone | UTC +0300 |
Adygeja, (russisk Адыгея (Республика Адыгея)) er ein republikk i Russland og eit av dei føderale subjekta i den Russiske føderasjonen. Hovudstaden er Majkop, arealet er 7600 km² og innbyggjartalet er 447 000 (2002).
Adygeja ligg i det nordvestlige Kaukasus, fullstendig omringa av Krasnodar kraj. I nord er det sletteland, i sør startar Kaukasus-fjella. Høgste punkt er fjellet Tsjugusj (3 238 m.o.h.)
68,4% av innbyggjarane er russarar. Adygar - eit kaukasisk folkeslag - utgjer 22,9%, ukrainarar 3,2% og armenarar 2,7%.
[endre] Historie
Adygane er nært beslekta med dei andre kaukasiske folkeslaga kabardinar og tsjerkessarar. Historisk har alle desse tre folkeslaga vore kjent som tsjerkessarar. Frå 1557 av hadde adygane hatt venlege forbindelsar med Russland. På slutten av 1700-talet starta den russiske ekspansjonen sørover mot Kaukasus. I løpet av dei påfylgjande krigane, spesielt i perioden 1859 - 1864, utvandra store mengder adygar til det osmanske riket eller vart tvangsdeporterte. Byen Majkop vart grunnlagd i 1857 som russisk festning. Etter den russiske revolusjonen var Adygeja frå hausten 1918 til mars 1920 i hendene på kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I 1922 vart det adygiske autonome området oppretta. Frå august 1942 til februar 1943 var området okkupert av tyskarane.
Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Republikken Adygeja oppretta som ein del av den russiske føderasjonen. Khazret Sovmen har vore president sidan 2002. Han, og fleirtalet av resten av makteliten i Adygeja er adygar. Som reaksjon på dette har det vorte oppretta ein organisasjon som kallar seg Unionen av Slavarar, som hevdar at etniske russarar vert diskriminerte i Adygeja. Dei arbeider for at Adygeja skal slåast saman med Krasnodar kraj, men har førebels ikkje fått gjennomslag for dette blant makthavarane i Moskva.
Ved parlamentsvalet i Adygeja 13. desember 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet, medan Kommunistpartiet vart nest størst.
[endre] Eksterne kjelder
Republikken sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk
Artikkel frå NUPI
Russiske republikkar | ||
Adygeja | Altai | Basjkortostan | Burjatia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Karelen | Khakasia | Komi | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia-Alania | Sakha | Tatarstan | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Tuva | Udmurtia |