Blodtype
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blodtype er ein måte å klassifisere blod frå ulike individ av same art ut i frå eigenskaper ved blodcellane. Det finst i overkant av tjuge ulike blodtypesystem. Dei to viktigaste er ABO-systemet og Rhesus-faktoren. Ved blodoverføringar er det naudsynt å kontrollere at det blodet som skal tilførast er kompatibelt med blodet til pasienten. Dersom blodtypane ikkje er kompatible kan det oppstå svært alvorlege komplikasjonar.
I følgje www.GiBlod.no, har vi denne prosentvise fordelinga av blodtypar i Noreg: Blodtype A: 49 %, blodtype 0: 39 %, blodtype B: 8 % og blodtype AB: 4 %. Dei rhesus-positive (RhD+pos) utgjør 85 %, mens 15 % er rhesus-negative (RhD-neg).
Fordelinga av blodgrupper i ulike etniske folkegrupper kan gje ein pekepinn om historiske slektskap og migrasjonar, sjølv om alle folkegrupper både har vandra og er oppblanda med andre. Desse tala tar berre omsyn til blodtype, og ikkje rhesusfaktor. Europeiske folkegrupper blir kjenneteikna av ein særleg høg del av blodtype A, medan asiatiske folkegrupper blir karakterist med ein høg del av blodetypane A og B. Tabellen er basert på eit utdrag av data frå nettsteden bloodbook.com.
Folkegruppe | A | 0 | B | AB |
---|---|---|---|---|
Samar | 63 | 29 | 4 | 4 |
Portugisarar | 53 | 35 | 8 | 4 |
Nordmenn | 50 | 39 | 8 | 4 |
Sveitsarar | 50 | 40 | 7 | 3 |
Svenskar | 47 | 38 | 10 | 5 |
Spanjolar | 47 | 38 | 10 | 5 |
Danskar | 44 | 41 | 11 | 4 |
Tyskarar | 43 | 41 | 11 | 5 |
Finnar | 41 | 34 | 18 | 7 |
Ungarar | 43 | 36 | 16 | 5 |
Bulgarar | 44 | 32 | 15 | 8 |
Tsjekkarar | 44 | 30 | 18 | 9 |
Islendingar | 32 | 56 | 10 | 3 |
Irar | 35 | 52 | 10 | 3 |
Skottar | 34 | 51 | 12 | 3 |
Engelskmenn | 42 | 47 | 9 | 3 |
Estarar | 36 | 34 | 23 | 8 |
Latviarar | 37 | 32 | 24 | 7 |
Russarar | 36 | 33 | 23 | 8 |
Polakkar | 39 | 33 | 20 | 9 |
Litauarar | 34 | 40 | 20 | 6 |
[endre] Kjelde
- Utdrag frå artikkelen Blod på Wikipedia på bokmål/riksmål, den 11.01.2007
- Artikkeln om blodgruppe på svensk wikipedia, den 11.01.2007
Kategoriar: Menneske | Anatomi | Medisin