Jimmy Carter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President i USA | 20. januar 1977–20. januar 1981 |
Føregjengar | Gerald Ford |
Etterfylgjar | Ronald Reagan |
Fødd | 1. oktober 1924 i Plains i Delstaten Georgia |
Død | |
Gift med | Rosalynn Carter |
Barn | |
Gravlagd | |
Parti | Det demokratiske partiet i USA |
James Earl Carter jr. (f. 1. oktober 1924), oftast omtala som Jimmy Carter, er ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar. Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingene knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilde opp i presidentvalet i 1980, men måtte sjå seg slegen av Ronald Reagan.
Etter avgangen som president har han engasjert seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.
Carter vart i 2002 tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konflikter.
[endre] Bakgrunnsstoff
Føregjengar: Gerald Ford |
President i USA |
Etterfylgjar: Ronald Reagan |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |