Kreta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kreta (Gresk: Κρήτη, «kriti») er den største greske øya og den femte største i Middelhavet. Kreta har eit areal på 8 300 km² og har ca. 500 000 innbyggjarar.
Kreta var hovudsete for ein av Europas første sivilisasjonar, den minoiske kulturen. blant anna konstruerte dei nokre av dei første kloakksystema i verda.
I mai 1941 vart Kreta invadert av tyske fallskjermstyrkar. Dei greske, britiske, australske og newzealandske soldatane som allereie var på øya, vart slått attende grunna mangel på luftstøtte og antiluftskyts. Dei tyske tapa var på 60–70 % berre under luftoverfallet. Tyskarane mista 6500 mann, mens dei allierte mista meir enn 15 000. Tyskarane hadde rekna med å bli mottatt som befriarar av den greske lokalbefolkninga, men det vart dei ikkje. Lokalbefolkninga svarte i staden med partisanrørsler og generell motstand imot tyskarane, som på si side utførte grusomme represaliar mot sivilbefolkninga.
I dag er Kreta framfor alt kjend for turisme.
Mal:Hellas
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |