Natrium
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Natrium, Na, 11 | ||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Alkalimetall | ||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 1, 3, s | ||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 968 kg/m3, 0,5 (ikkje SI) | ||||||||||||||||||
Utsjånad | Sølvkvitt |
||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | |||||||||||||||||||
Atommasse | 22,989770 u (ikkje SI) | ||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 180 (190) pm | ||||||||||||||||||
Kovalent radius | 154 pm | ||||||||||||||||||
Ioneradius | 102 pm (ladning: +1) | ||||||||||||||||||
van der Waals radius | (?) pm | ||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Ne]3s1 | ||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 1 | ||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | +1 (sterk base) | ||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Kubisk romsentrert | ||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||||||||||||||
Tilstandsform | Fast stoff | ||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 97,72 K (370,87°C) | ||||||||||||||||||
Kokepunkt | 1156 K (883°C) | ||||||||||||||||||
Molart volum | 23,78 cm3/mol | ||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 96,96 kJ/mol | ||||||||||||||||||
Smeltevarme | 2,598 kJ/mol | ||||||||||||||||||
Damptrykk | 14,3·10-6 Pa ved K | ||||||||||||||||||
Ljodfart | 3200 m/s ved 20°C | ||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | |||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 0,93 (Paulings skala) | ||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 1230 J/(kg·K) | ||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 21 MS/m | ||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 141 W/(m·K) | ||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 502 kJ/mol 4569 kJ/mol 6919 kJ/mol 9550 kJ/mol 13356 kJ/mol 16616 kJ/mol 20121 kJ/mol 25497 kJ/mol 28941 kJ/mol 141373 kJ/mol 159086 kJ/mol |
||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | |||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka |
Natrium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Na og atomnummer 11. Metallet er, som dei andre alkalimetalla, sølvfarga, mjukt og reaktivt. Det reagerer nærmast eksplosivt med vatn. Natrium tilhøyrer s-blokka i periodesystemet.
Innhaldsliste |
[endre] Viktige sambindingar
- Boraks (Na2B4O7)
- Natriumhydroksid (NaOH)
- Natriumhydrogenkarbonat eller natriumbikarbonat (NaHCO3)
- Natriumklorid (NaCl)
- Natriumnitrat (NaNO3)
[endre] Bruk
Natrium er det alkalimetallet som er viktigast industrielt. Det vert framstilt ved elektrolyse av flytande natriumklorid i ein prosess kjend som Downsprosessen.
Natriummetall er nødvendig i syntese av mange natriumsambindingar. Natrium blir òg brukt som tørkemiddel for organiske løysemiddel av di natrium reagerer irreversibelt med eventuelt vatn i løysemidlet under danning av natriumhydroksid, som kan filtrerast bort.
Natrium vert brukt i produksjon av tetraetylbly. Dette stoffet vart tidlegare tilsett i bensin for å auka oktantalet, men er no forbode i dei fleste industriland for å redusera bly-forureining.
Metallet vert og brukt i utvinning av andre metall. Den enklaste måten å ekstrahera ein del sjeldne metall som thorium, zirkonium, tantalum og titan er å la sambindingar av desse reagere med natriummetall. Ein vil til dømes ved å la titanklorid og natrium reagera få titanmetall og natriumklorid. Det siste kan lett vaskast vekk frå metallet.
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |