Sierra Leone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Engelsk: Unity, freedom, justice (Eining, fridom, rettferd) | |||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Freetown | ||||
Styresett |
Republikk Ahmad Tejan Kabbah |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
71 740 km² (119.) 1,4 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
6 017 643 (102.) — 84/km² (85.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 27. april 1961 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
4 910 mill. USD (151.) 901 USD (170.) |
||||
Valuta | Leone | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | High We Exalt Thee, Realm of the Free | ||||
Nasjonaldag | 27. april | ||||
Internasjonal telefonkode | +232 | ||||
Nasjonale toppdomene | .sl | ||||
Sierra Leone er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Guinea i nord og Liberia i søraust.
[endre] Økonomi
Sierra Leone er eit av Afrika sine økonomisk minst utvikla land. Trass i at landet er rikt på ressursar, klarar ikkje landet å utnytte desse godt nok. Sierra Leone har ein svært lav økonomisk vekst, trass i sine mange moglegheiter. Det er mange grunnar til at økonomien i Sierra Leone er så svak. Det som har skada økonomien mest, er borgarkrigen. Økte importprisar, synkande inntekter frå gruvedrifta og ein lite effektiv offentleg administrasjon har bidrege til ei negativ utvikling, og i perioden 1985–95 sank antalet pengar kvar innbyggjar hadde med årleg 3,4 %. Borgarkrigen starta i 1991. Men allereie før borgarkrigen var Sierra Leone eit av verdas minst utvikla land. Borgarkrigen sette det meste av næringslivet ut av spel. Sierra Leone er fyrst og fremst eit jordbruksland, og krigen har ramma både jordbruket og den økonomisk sett viktige gruvedrifta. I 1960- og 1970-åra var eksport av diamantar hovudinntektskjelda for Sierra Leone, sidan den gong har landet ikkje tent mykje av produksjonen. Frå midten av 1980-åra er det iverksett fleire økonomiske kriseprogram. I 1995 sysselsat primærnæringane i underkant av 70 % av folkesetnaden. I 1994 stod minerala for 84 % av eksportinntektene.
Diamanthandel er det mykje av i Sierra Leone. Den var den viktigaste finansieringskjelda. Sierra Leone er rik på mineral, spesielt diamantar. Frå naturen si side er dei det rikaste landet i verda. Men inntektene frå diamantane har aldri løna noko av folkesetnaden. Pengane har berre hjelpt litt politisk.
[endre] Klima
I denne delen av Afrika flyttar den intertropiske konvergenssona med skyer, regn og torevêr seg nordover og sørover i lag med sola, men ligg vanlegvis fire til seks veker etter. Frå oktober til mars, når sol står lågt på himmelen, er vêret generelt tørt og fint med varme og solrike dagar. Perioden april til september er regntid, og regntida er på sitt mest intense i juli og august. I november er det om lag ikkje noko regn att.
Langs kysten kjem det mellom 3500 og 4000 mm regn kvart år, og litt mindre i indre område. Temperaturen held seg høg året rundt på kysten, og under tørketida er han høgare i indre strøk. Under regntida er kystområda meir ubehaglege på grunn av høg relativ fukt, som sjeldan går under 80 % på dagtid.
Klimaet i denne delen av Afrika har lenge hatt eit dårleg rykte, og Sierra Leone var kjend som «den kvite mann si grav». Dei høge dødstala til europearar som budde her kom derimot av tropiske sjukdommar, og ikkje direkte av klimaet. Kombinasjonen konstant høge temperaturar og fukt gjer dette derimot til eit ubehagleg klima. I tillegg vert landet i periodar av tørketida råka av den nordaustleg harmattanvinden, som ofte fører med seg støv og sand.
[endre] På verdsveven
Vest-Afrika |
Benin | Burkina Faso | Elfenbeinskysten | Gambia |Ghana | Guinea | Guinea-Bissau | Liberia | |