Nigeria
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Engelsk: Peace and Unity, Strength and Progress ('Fred og eining, styrke og framsteg') | |||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Abuja | ||||
Styresett |
Republikk Olusegun Obasanjo |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
923 768 km² (32.) 1,4 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
128 771 988 (9.) — 139/km² (53.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
1. oktober 1960 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
173 704 mrd. USD (47.) 1 188 USD (162.) |
||||
Valuta | Naira | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Arise Oh Compatriots, Nigeria's Call Obey | ||||
Nasjonaldag | 1. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +234 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ng | ||||
Nigeria er ein republikk i Vest-Afrika, og det folkerikaste landet i Afrika med opp mot 130 millionar innbyggjarar. Landet grensar til Niger i nord, Benin i vest, Tsjad i nordaust og Kamerun i søraust. Den tidlegare britiske kolonien har vore demokratisk sidan 1999 etter seksten år med ulike militærdiktatorar og kupp.
Landet har fått namn etter elva Niger, som er den lengste i landet, sett saman med area (engelsk for 'område'). Dette namnet blei føreslått av koloniredaktøren Flora Shaw i The Times i 1897.
[endre] Klima
Nigeria har eit klima som liknar Guineakystlanda i vest, der den intertropiske konvergenssona fører til regntid når ho flyttar seg nordover (mars-mai) og sørover igjen (oktober-desember). Berre dei nordlegaste områda, Sahelområdet, har savanneklima, medan låglandet rundt Nigerdeltaet har rundt 3000 mm i året. Lagosområdet får minst nedbør av kystområda, men den høge fukta i samband med høge temperturar, gjev eit klamt klima. Store delar av landet, og særleg dei nordlege områda vert råka av den nordaustlege harmattanvinden kvar vinter. Den kan føre med seg mykje støv og sand som set ned sikta.
Vest-Afrika |
Benin | Burkina Faso | Elfenbeinskysten | Gambia |Ghana | Guinea | Guinea-Bissau | Liberia | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |