Ghana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Freedom and Justice (Fridom og rettferd) | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Accra | ||||
Styresett |
Republikk John Agyekum Kufuor |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
239 460 km² (79.) 3,5 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
21 029 853 (50.) — 88/km² (83.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 6. mars 1957 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
54 330 mrd. USD (74.) 2 601 USD (127.) |
||||
Valuta | Cedi | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Hail the name of Ghana | ||||
Nasjonaldag | 6. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +233 | ||||
Nasjonale toppdomene | .gh | ||||
Ghana er ein stat i Vest-Afrika med grense til Elfenbeinskysten i vest, Burkina Faso i nord, Togo i aust, og med kyst til Guineabukta i sør. Landet er kalla opp etter det mektige Ghanariket. Dette tidlegare riket låg nord og vest for dagens Ghana, men mange etterkomarar av medlemmene i riket bur nå i republikken Ghana.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Området blei først kolonisert av Storbritannia som Gold Coast, Gullkysten, og Britisk Togoland. Då desse territoria blei slått saman og fekk sjølvstende i 1957 tok dei namnet Ghana. Det var det første vestafrikanske landet som fekk sjølvstende frå ei europeisk kolonimakt, og det først landet i Afrika etter Sudan.
Etter ei rekke statskupp blei grunnloven til landet oppheva og politiske parti forbodne i 1981. Ein ny grunnlov og fleirpartipolitikk blei innført i 1992.
[endre] Geografi
Landet ligg nokre få grader nord for ekvator, og har tropisk klima. Mot Guineabukta i sør har det sandstrender som blir kryssa av elver og bekkar. Nord for kysten ligg sletter og krattland som så går over i regnskog med mange skogdekte åsar. Vidare nordover er landet savanne med låge buskar og grassletter.
Dei fleste av innbyggjarane i Ghana bur langs kysten og i dei to viktigaste byane Accra og Kumasi. Voltasjøen, den største menneskeskapte innsjøen i verda, ligg i store delar av austre Ghana. Sjøen er blitt danna av Akosombodemningen.
[endre] Kultur
Ghana er sett saman av fleire små folkegrupper som til saman snakkar over femti ulike språk. Dei viktigaste språkgruppene er akan, der mellom anna fantiane frå kystområda og ashantiane frå litt lenger nord høyrer til, guan, som kjem frå sletteområda rundt Voltaelva, kwaspråka ewe og ga frå sør og søraust i landa, og moshi-dagomba-språka i nord. Som tidlegare britisk koloni er engelsk språket for styring og handel, og det finst fleire ghanesiske forfattarar som skriv på engelsk.
[endre] Religion
Kristendommen er den største religionen i landet, med rundt 63% av folket, og dominerer særleg i sør. Islam er hovudreligionen i nord, og rundt 16% av ghanesarane tilhøyrer denne religionen. Dei siste om lag 21% av folka har ulike stammereligionar. Medlemmer av dei ulike religionane lever saman utan konflikter.
Islam har røter i Vest-Afrika frå 800-talet, då Ghanariket og deretter Mali- og Songhairika blei påverka av dei muslimske samfunna i Nord-Afrika. Han kom til dei nordlege områda av dagens Ghana på 1400-talet.
På omlag same tida kom kristne portugisiske misjonærer til kystområda. Protestantisk misjonsverksemd på 1800-talet førte til at mange ghanesarar i dag er metodistar, presyterianarar eller anglikanarar.
[endre] Kjende ghanesarar
- Osei Kofi Tutu I av Ashantisambandet (1600-talet), stats- og militærleiar
- Anton Wilhelm Amo (1730-rundt 1759), filosof
- Quobna Ottobah Cugoano (rundt 1757-rundt 1801), slavehaldsmotkjempar
- Yaa Asantewaa, (rundt 1850-1921), dronningmor og motstandskjempar
- Kwame Nkrumah (1909-1972), politikar og forfattar
- Kwasi Wiredu (f. 1931), filosof
- Kofi Annan (f. 1938), generalsekretær for SN
- Ama Ata Aidoo (f. 1940), forfattar
- Paul Boateng (f. 1951), britisk politikar
- William Boyd (f. 1952), forfattar
- Marcel Desailly (f. 1968), fotballspelar
- Freddy Adu (f. 1928), fotballspelar
[endre] Peikarar ut
Vest-Afrika |
Benin | Burkina Faso | Elfenbeinskysten | Gambia |Ghana | Guinea | Guinea-Bissau | Liberia | |