Swahili
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Swahili (Kiswahili) |
||
Klassifisering: | Niger-kongo-språk Atlantisk-kongo-språk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Tanzania, Burundi, Kenya, Mayotte, Mosambik, Somalia, Uganda, DR Kongo | |
Område: | - | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Tanzania og Kenya | |
Normert av: | Taasisi ya Uchunguzi wa Kiswahili | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | sw | |
ISO 639-2: | swa | |
SIL | swh |
Swahili (kiswahili på swahili) er eit bantuspråk snakka over store område i Aust-Afrika. Etter Guthrie-klassifiseringa har det nummer G40, dvs. det høyrer til sone G av bantuspråka. Det er morsmål for dei ca. 5 millionar swahiliane, som lever langs ei 1500 km. lang kyststripe frå det sørlege Somalia til det nordlege Mosambik. I tillegg er swahili andrespråk for omtrent 50 millionar talarar, det har vorte lingua franca for Aust-Afrika.
Innhaldsliste |
[endre] Klassifisering
[endre] Geografisk område
[endre] Offisiell status
Swahili er offisielt språk i Tanzania og Kenya. Tanzania er i tillegg til Etiopia eit av landa som i størst grad har ført ein språkpolitikk til fordel for eit afrikansk språk. Til skilnad frå mange andre afrikanske land, som har ført ein språkpolitikk som har favorisert dei tidlegare kolonispråka.
[endre] Dialektar
[endre] Lydsystem
Lydsystemet i swahili er i høve til mange andre afrikanske språk ukomplisert. Det er få lydar som blir rekna som vanskelege å uttale for nordmenn, og ord blir skrive som dei uttalast. Kvar bokstav skal uttalast for seg. Trykket er på nest siste staving i praktisk talt alle ord og konstruksjonar, og trykket flytter bakover seg dersom suffiks blir lagt til. Swahili nyttar 24 av dei latinske bokstavane, dei nyttar ikkje q, x, æ, ø og å.
[endre] Vokalar
Swahili har fem vokalar; a (IPA ɑ), e (e), i (i), o (ɔ), u (u) og y (y). To vokalar etter kvarandre i skrive svahili blir uttalt separat. Det er i prinsippet ingen diftongar.
[endre] Konsonantar
[endre] Fonologi
[endre] Historiske lydendringar
[endre] Grammatikk
Swahili er, som alle bantuspråk, eit agglutinerande språk. Morfologien er dominert av prefiksering.
[endre] Substantivbøying
[endre] Verbbøying
Verba er bøygd i tempus, aspekt, og person og tal for både subjekt og objekt. I tillegg er det bøygd for polaritet, dvs. at det er ulike verbformer alt ettersom setninga er positiv ("ja") eller negativ ("nei"). I norsk blir negativ polaritet uttrykt med adverbet ikkje, i swahili med verbprefikset -ha-. Døme: ni-na-ruka "1Sg-presens-hoppe" "eg hoppar", ni-li-ruka "1Sg-preteritum-hoppe" "eg hoppa".
[endre] Ordforråd
[endre] Lånord
Swahili har fått mange arabiske lånord frå kontakt og innvarndring frå Arabia. Den portugisiske og seinare engelske kolonialiseringa av swahiliske hovudområde har også ført med seg mykje ord frå desse språka.
[endre] Genussystem
Swahili har 15 genera, eller substantivklassar.
- Klasse 1/2, sg. m-, pl wa- (etter Carl Meinhof sitt klassifiseringssystem) er for ord for personar.
- Klasse 3/4 (sg. m-, pl. mi-) er for ord for tre, plantar, natur, kroppsdelar, menneskeleg aktivitet.
- Klasse 5/6 (sg. ji-, pl. ma-) er for ord for frukt, uteljelege objekt, objekt frå kvardagslivet, personar, augmentativar, opprinneleg arabiske ord.
- Klasse 7/8 (sg. ki-, pl. vi-) er for kvardagslege objekt, dyr, kroppsdelar, personar, diminutivar, språk
- Klasse 9/10 (sg.=pl. Ø- eller N-) er for abstrakte og konkrete ting, personar, dyr, naturlege fenomen, framande ord
- Klasse, 11,14/10 (sg. u-, pl. Ø-) er substantiv for objekt, og for einskilde abstrakte substantiv.
- Klasse 15 (sg. u-, pl. Ø- eller sg. w-, pl.= N-), substantiverte verb.
- Klasse 16, 17, 18 (pa- ku- m-). Eit substantiv, til bruk i lokative konstruksjonar.
[endre] Skriftsystem
Swahili har historisk vorte skrive med det arabiske alfabetet, men blir no skrive med det latinske alfabetet. Q og x blir ikkje nytta i swahili.
[endre] Historie
Swahili vart opprinneleg snakka på Zanzibar, men har vorte spreidd til fastlandet.
[endre] Døme
[endre] Litteratur
- Chiraghdin, Shihabuddin and Mathias Mnyampala. Historia ya Kiswahili. Oxford University Press. Eastern Africa. 1977. ISBN 0195-72-367-8
- Marshad, Hassan A. Kiswahili au Kiingereza (Nchini Kenya). Jomo Kenyatta Foundation. Nairobi 1993. ISBN 9966-22-098-4
- Strandskogen, Åse-Berit 1970: Tuseme Kiswahili : an audio-visual method. Oslo : Fabritius.
[endre] Eksterne lenkjer og referansar

- The UCLA Language Materials Project
- Ethnologue report on Swahili
- Online Swahili - English Dictionary
- Swahili - English Dictionary
- The Kamusi Project: Internet Living Swahili Dictionary (Yale University)
- A New Swahili Language Method For Beginner Students
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |