Timur Lenk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timur Lenk (fødd 1336, død 1405), også kjend som Timur den halte, var ein etnisk tyrkar som vart høvding for både tyrkiske og mongolske stammar. Sjølv påstod han at han stamma frå Djengis Khan, den tyrkisk/mongolske herskaren, men dette er omdiskutert. Frå 1369 var han emir i Samarkand – eit av dei viktigaste ikkje-ottomanske tyrkiske rika på den tida. Gjennom ei rekkje felttog la han store område under seg: Armenia, Afghanistan, Hindustan (India), Syria og Mesopotamia.
Kort tid etter Timur sin død gjekk riket i oppløysing. Men Timur sitt namn skulle bli hugsa for alltid. Han kjempa blant anna mot den ottomanske (tyrkiske) sultanen Beyazid og vann etter bitre kampar.
I Vesten har Timur heilt frå den tida han levde vorte skildra som en barbar, ein som er vond, lite sivilisert og øydeleggjande. Heller ikkje i Iran eller i Det osmanske riket vart han positivt omtala. Dette skuldast truleg krigane han førte mot Det osmanske riket. Men i dag har forskarane eit meir nyansert bilete av og eit meir objektivt syn på Timur Lenk. Både i den tyrkiske og i den islamske verda er han positivt omtala no. Også mange europeiske og amerikanske forskarar har begynt å fokusere på dei positive eigenskapane hans.
Ifølgje lokal tradisjon skal Timur ved sin død ha sagt at dersom nokon uroar grava hans, så skal dei bli ramma av ein grufull lagnad.
Kjelde: Bokmålswikipediaen [1]