Edmund Burke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edmund Burke (12. januar 1729–9. juli 1797) var ein anglo-irsk filosof, talar, forfattar og statsmann. Burke vert rekna som opphavsmannen til konservatismen.
Burke sat i mange år for det britiske underhuset som medlem av whigane. Her blir han hovudsakleg hugsa for å ha vore ein av dei få som støtta den amerikanske revolusjonen mot den britiske kolonimakta, medan han seinare var ein sterk motstandar av den franske revolusjonen.
Burke var fødd i Dublin til ein far som var protestant og advokat og ei katolsk mor. Han døydde i Beaconsfield i Buckinghamshire.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |