Spelt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spelt |
||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Liliopsida | |
Orden: | Poales | |
Familie: | Poaceae | |
Slekt: | Triticum | |
Art: | T. spelta | |
Vitskapleg namn | ||
Triticum spelta | ||
L. |
Spelt eller dinkel (Triticum spelta) er ein urgammal kornsort. Han er truleg ein hybrid mellom urkveitesortane emmer og einkorn (Triticum monococcum), og har same opphav som dagens moderne kveitesortar.
Kornslaget inneheld meir næringsstoff enn vanleg kveite, ettersom ein finn desse i sjølve frøkviten, og ikkje bare i skalet. Spelt har meir av både vitaminar, protein og fordøybare fiber, og inneheld meir av minerala magnesium, jern, sink og kopar. Det har òg ei anna glutensamansetjing enn annan kveite, slik at enkelte glutenallergikarar toler det betre.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Ein kan laga gryn og mjøl av spelt, og speltbrød blir rekna som mye betre på smak enn vanlege kveitebrød. I Tyskland har ein òg tradisjon for å tørka og eta umogne frø under namnet Grünkern.
Spelt har vore mykje brukt som lækjande mat, særleg mot fordøyingsproblem og hudsjukdommar. Hildegard von Bingen kallar det «det beste kornet», og den beste maten ein kan gje sjuke. I dag er spelt ein alternativ kornsort for mange kveiteallergikarar.
[endre] Dyrking
Kornslaget er nøysamt og har stor motsandskraft slik at det kan dyrkast utan gjødsel eller plantevernmiddel, og er ein populær kornsort inna organisk landbruk. Ulempen med speltkorn er at det gjev mindre utbytte enn kveite - frå halvparten av kornutbyttet per km2 og ned til ein fjerdedel.
[endre] Historie
Tak deg so kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt og hav det i eit trog og baka deg brød av det! I so mange dagar som du ligg på den eine sida, i tri hundrad og nitti dagar, skal du eta det.
|
||
liknande sitat |
Ein har funne spelt i Kaukasus frå 6000–5000 f.Kr., og i Moldavia frå 4000–3000 f.Kr. Kornet spreidde seg ganske raskt til heile Vest-Asia og Europa. Fleire gamle skrifter nemner det, mellom anna Bibelen.
I fleire tusen år var spelt ein viktig kornsort. Først under den industrielle jordbruksrevolusjonen på 1800-talet tok nye kveitesortar over på grunn av større utbytte.
I Bayern og Sveits haldt ein likevel fram med å dyrka spelt, og etter kvart vaks etterspurnaden etter kornet slik at fleire tok til å dyrka det igjen. I Noreg tok ein igjen til å dyrka spelt igjen i 1998.