Karl Marx
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Marx (5. mai 1818–14. mars 1883) var samfunnsforskar og politisk tenkjar. Idéane hans er i ettertid blitt gjevne namnet marxisme og var viktige for det politiske gjennombrotet for sosialismen.
Karl Marx blei fødd i den prøyssiske (no tyske) byen Trier og hadde jødisk familiebakgrunn, men familien konverterte til protestantismen. Han var ei tid journalist i ulike radikale aviser m.a. Neue Rheinische Zeitung i Køln i 1848 - 1849, men måtte rømme frå Tyskland på grunn av politisk forfølging. Mesteparten av livet levde han i eksil. Han vart utvist også frå Belgia og Frankrike, og endte til slutt opp i England i 1849, der han budde resten av livet. Saman med vennen Friedrich Engels skreiv han fleire banebrytande verk, blant anna programskriftet Det kommunistiske manifestet.
Det første bindet av den store vitskaplege avhandlinga Kapitalen (Das Kapital) kom ut i 1867. Dei neste to binda rakk han ikkje å gjera ferdig før han døydde. Dei blei gjevne ut av Engels i 1885 og 1895. I dette verket analyserte Marx den kapitalistiske produksjonsmåten, og meinte å syne korleis kapitalismen utbytta arbeidarklassen og hevda at frigjeringa frå denne utbyttinga berre kunne skje ved at arbeidarklassen tek over produksjonsmidla sjølv.
Marx var òg aktiv i praktisk politikk, og var med på å grunnleggje den Første Internasjonalen av sosialistiske organisasjonar.
Karl Marx døydde i London i 1883, etter mange års sjukdom grunna fattigdom og underernæring.
[endre] Viktige verk
Årstala viser kva år arbeida blei trykte.
- 1843 - Om Jødespørsmålet
- 1844 - Kritikk av den hegelske rettsfilosofien
- 1845 - Teser om Feuerbach
- 1848 - Det kommunistiske manifestet
- 1852 - Louis Bonapartes attende brumaire
- 1859 - Til kritikken av den politiske økonomien
- 1867 - 1894 - Kapitalen i tre bind
- 1871 - Borgarkrigen i Frankrike
- 1875 - Kritikk av Gotha-programmet
- 1905-1910 - Teoriar om meirverdien
- 1932 - Parismanuskripta og Den tyske ideologien
- 1939 - Grunnriss til kritikken av den politiske økonomien