Warszawapakta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Warszawapakta (offisielt: «Traktaten for venskap, samarbeid og gjensidig assistanse») var ein militærallianse mellom Sovjetunionen og den tidlegare austblokka. I alliansen var det både reelt uavhengige statar og statar som trass i formelt sjølvstende de facto var styrt frå Sovjetunionen. Forsøk på å bryte ut av pakta vart slått ned.
Alliansen vart etablert som forsvarspakt retta mot NATO, som hadde vorte etablert i 1949. Ei viktig hending som førte til danninga av Warszawapakta var gjenopprustinga av Vest-Tyskland og NATO-medlemskap. Pakta vart underskriven i Warszawa den 14. mai 1955, vart sett i verk frå 5. juni 1955. Pakta heldt saman til den kalde krigen var over. Medlemslanda byrja å trekkje seg i 1991, og pakta vart offisielt oppløyst 1. juli 1991.
[endre] Medlemmer
- Sovjetunionen
- Albania (Khrusjtsjov kasta landet ut av Warszawa-pakta den 17. oktober 1961)
- Bulgaria
- Romania
- Tsjekkoslovakia (etter Sovjetunionen braut saman: Tsjekkia og Slovakia)
- Folkerepublikken Polen (etter Sovjetunionen braut saman: Republikken Polen)
- Ungarn
- Den tyske demokratiske republikken (ut i 1990 i samband med samlinga av Tyskland)
Det strengt stalinistiske Albania trekte seg ut av alliansen i 1961 som følgje av usemja mellom Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen etter at Sovjetunionen hadde fordømt Stalin og gjennomgått ei avstalinisering.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |