Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2007
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
- Uke 1
Irsk (også irsk gælisk; Gaeilge (na hÉireann)) er eit keltisk språk som tala og nytta på øya Irland. Det er det fremste offisielle språket i Republikken Irland, sjølv om eit stort fleirtal av folkesetnaden har engelsk som fyrste språk. Irsk har fått ei formell godkjenning som minoritetsspråk i Nord-Irland. I Langfredagsavtala av 1998 aksepterte den britiske regjeringa irsk og låglandsskotsk som minoritetsspråk i provinsen. 13. juni 2005 blei det samrøyste vedteke at irsk blir eit offisielt språk i den europeiske unionen. Vedtaket fekk verknad frå 1. januar 2007. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 2
Snøras, òg kalla snøskred eller lavine, er ei nemning på eit ras av snø og is ned ei fjellside eller frå ei høgd til ei anna. Små snøras kan til dømes kome frå hustak. Eit slikt ras oppstår når snø bygger seg opp i ei skråning, og til slutt gjev etter for tyngdekreftene. Snøras er altså eit døme på ein tyngdestraum av granulært material. Eit stort snøras kan flytte seg mange kilometer, og gjere kolossale øydeleggingar i skogområde og på andre ting som måtte kome i vegen. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 3
Corioliskrafta er ei tilsynelatande avbøying av ein lekam som flyttar seg i eit roterande referansesystem.
Corioliseffekten som jordrotasjonen er årsak til, skaper presesjonen til ein Foucaultpendel, og for rotasjonsretninga til trykksystem. Generelt sett vil ein lekam i rørsle bøye av mot høgre på nordlege halvkule og mot venstre på sørlege halvkule. Dette fører til at vind rundt eit lågtrykk roterer mot klokka på nordlege halvkule og med klokka i sør. Corioliseffekten er derimot forsvinnande liten for rotasjon av vatn i toalett og badekar, så her er det andre faktorar som avgjer rotasjonsretninga.
Effekten har fått namnet sitt etter Gaspard-Gustave Coriolis, ein fransk forskar som skildra fenomenet i 1835, men matematikken oppstod allereie i tidvasslikningane til Pierre-Simon Laplace i 1778. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 4
Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Buskerud frå rundt 1200 som no står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men blei gradvis så nedslitt og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men blei redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fekk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen.
Kyrkja har sidan 1884 vore eigedommen til den regjerande monarken i Noreg, men blir halden ved like av folkemuseet. Det er laga fire kopiar av henne, to i Noreg og to i USA. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 5
Torgeir Augundsson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, var ein segngjeten spelemann frå Sauherad i Telemark. Han var son av Augund Torgeirsson frå Rinde i Sauherad, og kona hans, Gunhild Sigurdsdotter. Namnet hans blir helst uttala «Targjei», slik det er vanleg i Telemark. Faren var husmann, og flytte noko ikring på plassane i Sauherad medan Targjei var gut. Augund var møllar, og borna hans vart kalla «Møllarungein», og Targjei vart heitande «Møllarongen» eller «Myllarguten» i øvre Telemark. Under dette namnet vart han vidgjeten. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 6
Ein traktor er eit køyrety som er laga for å drive ulike arbeidsreiskap i jordbruk og skogbruk, og for å dra tunge lass på ujamnt og lite bærekraftig underlag. Hjula har stor diameter og breidd og er utstyrte med mønster utforma for å gje godt feste utan å riva opp overflata. For å auka bereevna og markgrepet er lufttrykket i hjula etter måten lågt. Traktorar går ikkje fort, kraftoverføringa er konstruert med låg utveksling for at dei skal kunne dra tungt.
Traktorar var opphavleg mynta på å dra reiskap, som til dømes ein plog, etter seg. Moderne traktorar er utstyrte med hydraulisk trepunktsoppheng for å kunne lyfte og kraftuttak for å driva roterande arbeidsreiskap. Tidlegare var velteulukker vanlege, noko som førte til dødsulukker. Det er no påbod om at traktorar skal vera utstyrte med vernebøyler. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 7
Eit hjarte (latin cor, fleirtal cordis) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar.
Det finst kretsløpssystem utan hjarte (t.d. hos leddormar), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hjå dyr som har lukka kretsløpssystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syt for at all kroppsvæske straumar gjennom heile kroppen hjå dyr som har ope kretsløpssystem (t.d. leddyr).
Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meire nedover. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 8
Nedbør er eit meteorologisk samlingsnamn for ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på Jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 9
Eit fyr er eit sjømerke med lys til å rettleie navigasjon på havet. Fyra sender ut lys frå eit system av lamper og linser. Saman med andre innretningar som gjev synlege og elektroniske signal utgjer fyra eit system til å rettleie trafikken til havs og langs kysten. Det finst felles internasjonale merkesystem som dei maritime nasjonane følgjer.
27. februar 1655 blei det første fyret tent i Noreg. I dag er totalt 107 anlegg i landet definert som fyrstasjonar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 10
Kvinnerørsla er ei brei rørsle som har kjempa dels for kvinnene sine rettar i samfunnet og dels for ei endring av fastlåste kjønnsroller. Rørsla kom til som eit resultat av lang tids undertrykking og undervurdering av kvinner i det vestlege samfunnet, i samanheng med tankane frå opplysingstida om at alle menneske har lik verd og like rettar. Rørsla har særleg vore viktig for kvinnesaken i Vesten, både ved at dei har vore hovuddeltakarane i henne, og ved at det er dei som har oppnådd mest av det ho har kjempa for. Resten av verda er òg blitt påverka av kvinnerørsla, men ofte på noko ulikt vis. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 11
Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet sitt, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter «Akerendam»-forliset ved øya på 1700-talet.
Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til omlag 500 000 fugl, mellom anna lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finn vi eit stadig veksende tal med havhest. Fuglebestanden var truga då malmskipet MS «Arisan» den 12. mars 1992 lak fleire tonn med tungolje etter å ha gått på grunn på skjeret Geitmaren. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 12
Jomfru Maria, Maria møy eller Maria frå Nasaret, var Jesu Kristi mor og er den fremste helgenen i kyrkja. I Det nye testamentet er ho omtalt i evangelia og Apostelgjerningane. Ved konsilet i Efesos gav konsilfedrene henne tittelen Theotokos, 'Guds mor'. Koranen omtalar henne som utvald av Gud framfor alle kvinner i verda; ho er nemnd i sju av kapitla i Koranen, eitt av med namnet hennar som tittel. Ho er framstilt i talrike kunstverk, der ho som regel berre blir kalla «Madonna» — 'Vår frue'.
Den kyrkjelege merkedagen Maria bodskapsdag, til minne om at Maria fekk bod fra engelen om at ho skulle bli med barn, blir som oftast feira den 25. mars. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 13
David Bowie (fødd 8. januar 1947 som David Robert Jones) er ein engelsk songar og soloartist. Han har vore ei superstjerne innan populærmusikken i fem forskjellige tiår. Han er kjend som kameleonen i populærmusikken, han har forutsett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han held fast på sine eigne idéar. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han er betre kjend som den androgyne glamrockaren på Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gitt ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangerane vart populære eller i det heile oppstod. Bowie har òg arbeida som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 14
Tallinn (eldre Lindanäs; ty. og (tidl.) sv.: Reval) er hovudstad og med eit folketal omkring 400 000 den største byen i Estland. Byen ligg heilt nord i landet ved Finskebukta. Namnet på estisk språk er ei samandraging av Taani linn, noko som tyder "danskeborga" eller "den danske byen". I samband med andre verdskrigen vart svenskane og tyskarane tvinga til å flytta ut av landet.
Gamlebyen i Tallinn vart i 1997 teken med på verdsarvlista til UNESCO. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 15
Eit ikon, av gresk εικων (eikon) 'bilete', er ei nemning for religiøse maleri på trepanel i bysantisk stil, og som spesielt har plass i den russisk-ortodokse og den gresk-ortodokse kyrkja. I denne tradisjonen er ikkje ikonet berre ein illustrasjon, men ein berar av ein religiøs bodskap. Ikonet vert derfor bruka i samband med bøn og meditasjon. I den ortodokse gudstenesta finst det ein eigen liturgi for velsigning av ikon.
Ordet ikon kan òg brukast i overførd tyding om eit ideal eller førebilete. Etter påverkand frå engelsk språk kan ordet òg brukast om bilete som er lett å kjenne att, slik som ikona på skrivebordet på ein dataskjerm. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 16
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 16, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 17
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 17, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 18
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 18, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 19
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 19, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 20
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 20, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 21
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 21, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 22
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 23
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 23, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 24
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 25
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 25, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 26
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 26, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 27
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 28
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 29
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 30
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 31
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 32
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 33
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 34
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 35
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 36
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 37
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 38
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 39
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 40
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 41
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 42
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 43
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 44
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 45
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 46
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 47
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 48
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 49
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 50
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 51
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2007
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 52
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2007
Vis - Diskusjon - historikk