Montenegro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Serbisk | ||||
Hovudstad | Podgorica | ||||
Styresett |
Republikk Filip Vujanović Milo Đukanović |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
13 812 km² (—.) Ukjent |
||||
Folketal - Estimert (2003) - Folketeljing (—) - Tettleik |
620 145 (—.) — 44,9/km² (—.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Serbia og Montenegro 3. juli 2006 |
||||
BNP - Totalt (—) - Per innbyggjar |
— (—.) — (—.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Oj, svijetla majska zoro | ||||
Nasjonaldag | 28. juni | ||||
Internasjonal telefonkode | +381 | ||||
Nasjonale toppdomene | .yu framleis i bruk .cs er reservert | ||||
1 Euro i nokre område. |
Montenegro er eit land i Aust-Europa som tidlegare utgjorde sambandet Serbia og Montenegro saman med Serbia. I røynda fungerte Serbia og Montenegro som to åtskilde statar på dei fleste område. Ei folkerøysting i landet i mai 2006 gjekk inn for uppløysing av samveldet med Serbia, såvidt det var. Montenegro vart åtskilt frå Serbia 3. juni 2006, og vart då ein eigen uavhengig stat.
Landet var tidlegare eige fyrstedøme og Nikola 1. tok i 1910 tittel av konge. Landet vart med i fyrste verdskrigen i 1914 på Serbias side, men i 1918 vart landet ein del av det seinare Jugoslavia, og kongen døydde i Italia. I 1941 då tyskarane delte opp Jugoslavia, vart Montenegro ein italiensk lydstat. Italia erklærte landet for kongedøme, og bad den montenegrinske tronpretendenten Mikael I å verta konge, men han nekta å verta marionettkonge og vart sett i nazistisk konsentrasjonsleir. Då spurde dei i staden ein prins frå det russiske fyrstehuset, men han nekta òg. Etter krigen vart landet ein sosialistisk delrepublikk i Jugoslavia.
Politikk
Spørsmålet om Montenegros framtid pregar montenegrinsk politikk i stor grad. Befolkninga er delt i to, der den eine gruppa kjempar for fullt sjølvstende mens den andre ynskjer framleis samband med Serbia.
Det var val til Skupština Republike Crne Gore, Republikken Montenegros forsamling, den 22. april 2001 og igjen den 21. oktober 2002.
Forsamlinga har i alt 77 plassar etter valet i 2001 og 75 etter valet i 2002 (talet på representantar varierer noko frå val til val). I 2001 vart sju kvinner valde inn i parlamentet, i 2002 var fem av dei valde representantane kvinner.
[endre] Klima
Montenegro har eit middelhavsklima med milde vintrar og solrike, varme somrar. Like innafor kysten ligg Dei dinariske alpane, og når mild havluft frå Middelhavet strøymer vestover og inn over Montenegro kan ein få liknande forhold som på Vestlandet i Noreg. Dette området er derfor blant dei våtaste i Europa. Om vinteren kan derimot den kalde boravinden føre kald luft frå Aust-Europa innover Montenegro, og ein får nokre kalde dagar. Podgorica har ein nedbørsnormal på 1617 mm i året.
Aust-Europa |
Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland | |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |