Thailand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | thai | ||||
Hovudstad | Bangkok | ||||
Styresett |
Monarki Bhumibol Adulyadej Sonthi Boonyaratglin Surayud Chulanont |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
514 000 km² (50.) 0,4 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
65 444 371 (19.) — 127/km² (59.) |
||||
Etablert |
1238 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
559 489 mill. USD (20.) 8 542 USD (69.) |
||||
Valuta | Baht | ||||
Tidssone | UTC +7 | ||||
Nasjonalsong | Phleng Chat | ||||
Nasjonaldag | 5. desember | ||||
Internasjonal telefonkode | +66 | ||||
Nasjonale toppdomene | .th | ||||
Thailand er eit kongedøme søraust i Asia. Landet grensar til Malaysia, Myanmar (også kalla Burma), Laos og Kambodsja.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Thailand, eller Muang Thai som det heiter på thai, var tidlegare kalla Prathet Thai og før det igjen Siam. Namnet Muang Thai tyder "landet til dei frie", medan Prathet Thai er eit anna ord for det same. Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppa shan, og blei brukt fram til 1949. Thailand vert ofte òg kalla Smilets land, ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.
[endre] Historie
Det noverande kongedømet blei til i 1767, men har røter i det eldre riket Sukhothai, grunnlagd i 1238, og det seinare storriket Ayutthaya. Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet blei Siam aldri erobra og kolonisert, som det einaste landet i området. Landet utførte likevel mange reformar på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det "ein uformell del" av det britiske imperiet.
Det konstitusjonelle monarkiet blei til i 1932 etter ein fredeleg revolusjon. Kongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette, medan å kritisera dei er uhøyrt. I 1992 brukte kong Bhumibol Adulyadej innflytinga si til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.
[endre] Økonomi
Dei viktigaste industriane i landet er gummi, fiske, tømmer, naturgass og turisme.
Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intenst valutaspekulering med den thailandske bahten førte til at kursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heile Søraustasia.
På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen. Thailand har rykte på seg for å vera eit vennleg, ufarleg turistland, og trekk til seg utlendingar av mange grunnar. Nokre av dei dreg for å oppleva vakre øyar og strender, andre for å vitja historiske stader som Sukothai og Ayutthaya, og ei lita gruppe dreg for å oppleva natteliv og lettkjøpt sex.
[endre] Folkesetnad
Størstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakle i den nordaustre Isan-regionen der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper er malayar i sør, monar, khmerar og ei rekke ulike urfolk.
Hovudreligionen er theravada-buddhisme (95%), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppe muslimar sør i landet. Mange av desse ønsker sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandet Malaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.
[endre] Geografi
Thailand er administrativt delt inn i 76 provinsar eller fylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet er amphoe. I år 2000 var det 795 slike distrikt (amphoe), 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet). Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) kjem av provinsen. Til dømes er "Chiang Mai", ein stor provins i nord, oppkalla etter provinshovudstaden, som med full tittel vert kalla Ampoe Mueang Chiang Mai.
Nord
Aust
Sør
|
Nordaust
Sentral- Thailand
|
[endre] Klima
Med fjellområde både i aust og i vest unngår Thailand dei store nedbørsmengdene monsunen kan føre med seg. Det er likevel fuktig her, men òg solrikt, særleg om vinteren som er nesten heilt utan regn. Sjølv på sommaren er det relativt lite regn, men fjellområda kan få regn- og torevêr litt oftare.
Dei høgareliggande områda i nord kan bli ganske kjølege om sommaren, og temperaturen går ofte ned mot 15 ºC, og av og til heilt ned mot 5 ºC. Bangkok og deltaområdet i nærleiken har varme ettermiddagar året rundt, men kveldane er litt mindre fuktig om vinteren. Mars og april er ofte svært varme, før monsunen set inn. Bangkok har ein årleg nedbørsnormal på 1397 mm.
Kraeidet i sør har om lag dei same temperaturane året rundt med regn på austkysten om vinteren og på vestkysten om sommaren. Mai til oktober er den våtaste tida på året i denne delen av Thailand, med kraftigast regn på slutten av sommaren. Thailand vert sjeldan råka av tyfonar, men kan stundom merke restane av gamle system, som kan gje litt vind og auka nedbør.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Lenkje
- Thailand Reiseorbok Orbok på Thai og Engelsk språk.
Søraust-Asia |
Kambodsja | Laos | Malaysia | Myanmar |