Den fyrste verdskrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den fyrste verdskrigen er ei nemning på krigshandlingar som gjekk føre seg i Europa frå august 1914 til 11. november 1918. Krigen var ein verdskrig av di dei deltakande landa var store kolonimakter. I tillegg kom Sambandsstatane (USA) med i 1917. Storbritannia og Frankrike hadde koloniar i alle verdshjørner, medan Russland strekte seg langt inn i Asia.
Den fyrste verdskrigen er omtala som "krigen som skulle få slutt på alle krigar". Ei anna omtale er berre "den store krigen" (The Great War).
Landegrensene i Europa vart mykje endra då krigen tok slutt. Austerrike-Ungarn forsvann og vart erstatta av ei mengd mindre sentral-europeiske statar, medan Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Russland gjekk gjennom ein revolusjon og måtte avstå store landområder. Mellom anna vart Finland og Polen sjølvstendige land. Det osmanske riket vart delt opp, og kjernelandet vart omdanna til Tyrkia.
Innhaldsliste |
[endre] Alliansar
[endre] Trippelententen
- Storbritannia (med det britiske imperiet)
- Frankrike
- Australia
- Belgia
- Canada
- Japan
- Russland
- New Zealand
- Sambandsstatane frå 1917
[endre] Trippelalliansen
[endre] Bakgrunn
Wienkongressen i 1815, etter Napoleonskrigane, teikna kraftig om på kartet over Europa. Målet var å skapa ein ny situasjon utan større konfliktar. Situasjonen endra seg etter kvart, i og med at nasjonalismen som tanke vaks fram. Mindre statar med sams kultur byrja arbeid for å slå seg saman, og større rike risikerte å bryta saman etter som ulike folkegrupper ynskte sjølvstende. Samlinga av Italia og Tyskland er døme på den første tendensten. I løpet av Otto von Bismarck si karriere oppstod eit system av alliansar mellom ulike land, for åp skapa ei maktbalanse. I byrjinga av 1900-talet kom det fram ei rad spenningar mellom to store blokker av allierte som dreiv med militær opprusting. Frankrike ynskte oppreising etter nederlaget i den fransk-tyske krigen 1870-71, Storbritannia og Tyskland konkurrerte i kolonispørsmål og om marinestyrke, medan Russland og Austerrike-Ungarn hadde ulike meiningar om korleis Balkan og Austeuropa skulle delast opp mellom dei.
[endre] Opptakt
Mordet på Austerrike sin erkehertug Franz Ferdinand den 28. juni 1914, ei hending kjend under namnet skota i Sarajevo, vart det utløysande momentet. Etter ei tid med diplomatiske utspel mellom Serbia og Austerrike vart den svarte veka innleia med mobilisering mellom stormaktene.
[endre] Krigsutbrotet
Den 29. juli gjekk Austerrike til krig mot Serbia. Russland byrja mobilisering for å koma Serbia til hjelp, og erklærte krig, trass i åtvaring frå Tyskland. Tyskland var alliert med Austerrike og erklærte krig mot Russland den 1. august. To dagar seinare, den 3. august vart krig mot Frankrike erklært. Den 4. august erklærte Storbritannia krig mot Tyskland. Den 6. august erklærte Austerrike krig mot Russland.
[endre] Noreg og den fyrste verdskrigen
Noreg var, på lik linje med dei andre skandinaviske landa, nøytral under den fyrste verdskrigen.
Krigen gjekk likevel hardt ut over den norske handelsflåten, som måtte sigla gjennom krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1 892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde likevel ikkje meir enn om lag 20 prosent av handelsflåten vår.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |