Dinosaurus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dinosaurus (frå gresk deinos, ‘frykteleg’, og sauros, ‘øgle’) er namnet på ein type krypdyr som levde i mesozoikum, 225 til 65 millionar år før vår tid, og inkluderte dei største krypdyra som har eksistert (sokalla kjempeøgler).
Det fanst store mengder dinosaurar på Jorda gjennom mykje av trias og heile jura og kritt, men alle døydde brått ut over heile planeten då ein asteroide med ein diameter på om lag 10 km kolliderte med Jorda i det som no er Chicxulub nær byen Progreso i Mexico. Kollisjonen førte tvillaust til vulkanutbrot og skogbrannar. Aske frå desse, saman med støv frå samanstøyten, mørkla Jorda i mange månader og førde til katastrofale ringverknader på klimaet i dei følgjande ti tusen åra, ifølgje utrekningar gjorde i 2001 av forskarar ved California Institute of Technology etter analyser av heliumisotopar i sediment frå perioden.
Forsteina dinosaurusbein må ha blitt funne av menneske i forhistorisk tid òg, og er kanhende opphavet til sagna om drakar. Det første funnet av dinosaurusbein i moderne tid vart gjort i Woodbury Creek i New Jersey i 1787, men vart ignorert av forskarane. Dei første utgravne beina som enno er bevarte, vart funne i 1818 og finst no på Peabody Museum ved Yale-universitetet. Først på midten av det 19. århundret skjønte folk kor gamle slike fossil faktisk er, og innsåg kor store somme av desse dyra må ha vore. Dyra fekk namnet dinosaurar, «skrekkøgler», og både namnet og storleiken på fossila sette fantasien i sving hjå folk flest. Ikkje minst blei det populært blant born å læra om dei store, fryktinngytande kjempane som levde for lenge sida. I løpet av dei siste hundre åra er det funne fossil frå fleire hundre tusen artar av dinosaurar, men berre nokre hundre av desse er grundig undersøkte; dei andre har ikkje eingong fått namn enno.

Dinosaurane var svært varierte: Nokre var svært store, andre ganske små. Somme vandra omkring på alle fire, somme gjekk på to. Nokre var kjøtetarar, andre planteetarar. Det er funne fossil med delvis intakt skinn, som minnar om krokodilleskinn, men ingen veit t.d. kva farge dinosaurane hadde. Paleontologane stridest framleis om om dinosaurane var varm- eller kaldblodige.
[endre] Nokre kjende dinosaurusartar:
- Brachiosaurus (sauropod, jura)
- Mamenchisaurus (sauropod, jura)
- Stegosaurus (planteetar, jura)
- Triceratops (planteetar, kritt)
- Tyrannosaurus Rex (rovdyr, kritt)
- Velociraptor (rovdyr, kritt)
[endre] Litteratur
- Bill Bryson, A Short History of Nearly Everything. Black Swan (2004).
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |