Folkestyre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg skodespelet Demokrati
Ulike styresett
Lista er sortert alfabetisk. |
Folkestyre eller demokrati (frå gresk: δημοκρατία, demokratia) er eit styresett der størstedelen av innbyggjarane i eit samfunn kan røysta over korleis samfunnet skal styrast. I moderne demokrati har alle statsborgarar over ein viss alder røysterett, men somme tider med visse unntak, som fengsla eller umyndiggjorte menneske. Vidare held ein val med jamne mellomrom, anten over saker som skal avgjerast, eller over kven som skal representera folket og ta avgjerder for det. Maktfordelingsprinsippet er grunnleggjande for moderne demokrati. Det same er ytringsfridom, særleg frie medium.
Omgrepet demokrati kjem frå Politikken av Aristoteles, og tydde hjå han det styresettet der mange eller eit fleirtal styrer utan omsyn til alle sitt beste, altså pøbelvelde eller fleirtalsdiktatur. Fleirtalsstyre som tek omsyn til alle, eit styresett som kjem nærare det me vanlegvis meiner med demokrati, kalla Aristoteles for politi.
[endre] Grenser for demokratiet
Ordet demokrati kjem frå gresk, og betyr folkestyre. Så langt er det greitt. Men heile folket kan ikkje styre samtidig, det er ikkje gitt at alle folk tilhøyrer folket i politisk forstand, kva som skal styrast er ikkje gitt i utgangspunktet, og det ligg heller ikkje noko eksplisitt om rettar i omgrepet. Difor er omgrepet ikkje så eintydig som ein ofte kan få inntrykk av.
Det ligg i omgrepet demokrati at folkefleirtalet skal bestemme. Kva som er fleirtal og mindretal blir avgjort i val, som skal vere frie og rettferdige. Vala skal haldast med jamne mellomrom, slik at mindretal av idag skal kunne bli fleirtal i morgon.
Men det er ikkje heile folket som har røysterett. Dei som er under 18 år gamle eller ikkje er norske statsborgarar, har ikkje stemmerett ved stortingsval. Før i tida var det berre rike og jordeigande menn som hadde stemmerett. Altså eit lite mindretal av folket.
Men sjølv med allmenn stemmerett for vaksne statsborgarar, er det ikkje nødvendigvis eit fleirtal som bestemmer. Dersom valdeltakinga er låg, kan det vere eit lite mindretal som framstår som fleirtal. Attom valde amerikanske presidentar i nyare tid står om lag ein firedel av den vaksne befolkninga.
[endre] Fordeling av makt
Den mest vanlege forma for demokrati er det systemet ein kallar representativt demokrati. Her skal valde representantar for folkeviljen styre på vegner av folket. Men kor representative representantane er, kan variere. I røynda har ressursar mykje å seie for kven som blir valde. Det kan vere økonomiske ressursar, og det kan vere mediemakt.
I dei fleste land som kallar seg demokratiske, er det vidare slik at store delar av økonomien ikkje er underlagde folkevald styring, demokratiet sluttar så å seie ved fabrikkporten eller ved bankdøra. Svært mykje makt blir utøvd og svært store ressursar blir disponerte av nokre få leiarar i store internasjonale konsern. Om slik kapitalisme kan sameinast med innhaldet i omgrepet demokrati, kan diskuterast.
Tilhøvet mellom demokrati og rettar er ikkje eintydig. Demokrati er fleirtalsstyre, men fleirtalet kan ikkje gjere kva dei vil. Mindretal og individ må ha visse grunnleggjande rettar, visse menneskerettar. Samtidig er det slik at di fleir juridiske rettar individ og grupper har i eit system, di meir blir det som kan gjerast av dei folkevalde begrensa. Såleis blir makta til det folkefleirtalet som valde desse begrensa også. I prinsippet kan eit system fullt ut basert på rettar, klare seg utan val og folkevalde, det greier seg med ein ærleg administrasjon og eit godt utbygd rettsvesen.
Men da har ein samtidig avskaffa viktige delar av demokratiet, og det skjerpar slike problem som til dømes at rike folk kan skaffe seg mange fleir og dyktigare advokatar enn andre, og såleis få retten sin og vel så det, mens andre verken har råd eller tid til å halde på med rettssaker. Kan ein kalle det demokrati når politikken abdiserer for jussen? Kor er balansepunktet mellom rett og politikk?
Det er allmenn semje om at eit velfungerande demokrati krev ei demokratisk offentlegheit som både informerer samfunnsmedlemmene og gir dei høve til fritt ordskifte på grunnlag av ein viss kunnskap om samfunnet. Men når dei sterkaste media i stadig større grad blir dominert av tanketom underhaldning, og debattprogram degenererer til «holmgangar» der det gjeld å «vinne», ikkje å nå ny innsikt, har vi da eit demokratisk problem?
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2005.