Kasakhstan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
Offisielle språk | Russisk og kasakhisk | ||||
Hovudstad | Astana | ||||
Styresett |
Republikk Nursultan Nazarbajev Karim Masimov |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
2 717 300 km² (9.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
15 185 844 (61.) — 6/km² (182.) |
||||
Sjølvstende - Erklært |
Frå Sovjetunionen 16. desember 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
123,992 mrd. USD (56.) 8 252 USD (71.) |
||||
Valuta | Tenge | ||||
Tidssone | UTC +4 til +6 | ||||
Nasjonalsong | ? | ||||
Nasjonaldag | 25. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +7 | ||||
Nasjonale toppdomene | .kz | ||||
Kasakhstan eller Kazakhstan er eit land som ligg dels i Europa, dels i Asia. Det er eitt av verdas ti største land, og er t.d. større enn Grønland. Kasakhstan strekkjer seg frå Kaspiahavet heilt til Kina.
Kazakhstan var ein av dei femten sovjetrepublikkane i Sovjetunionen fram til desember 1991, då landet erklærte sjølvstende.
[endre] Klima
Kasakhstan er det største landet i Sentral-Asia, men har eit klima som er lite variert. Berre Kaspiahavet og Aralsjøen har ein viss påverknad på klimaet, elles er det stort sett berre kontinentalt steppeklima. Aktau på austkysten av Kaspiahavet har mindre enn 150 mm nedbør i året med vind over 15 m/s (stiv kuling) meir enn 80 dagar i året. Fleire tiår med kunstig vatning har tappa Aralsjøen, som no nesten er tom. Dette har øydelagt både økonomien og dei økologiske forholda i området.
Dei nordlege steppene får ein del regn- og torebyger om sommaren, og har ein årleg normalnedbør på om lag 500 mm. Dei sørlege delane av fjellområda , inkludert Almaty, har ofte ein våtare periode frå mars til mai etterfulgt av torebyger tidleg på sommaren.
Temperaturane i landet varierar mykje i løpet av året, og ofte har ein mykje vind. Vinteren er skya og kald, og dei fleste stader får ofte temperaturar under -10 ºC. Av og til kan ein fønvind strøyme over fjella og gje stigande temperaturar. Denne vinden kan derimot bli kraftig i enkelte smale dalar, som Dzhungarskiy i nordaustlege område av Almaty, og her kan vinden kome opp i 45 m/s. Om sommaren kan det bli svært varmt i dei lågareliggande områda, medan områda i høgda har behaglege temperaturar.
Sentral-Asia |
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |