Zimbabwe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Unity, Freedom, Work (Eining, fridom, arbeid) |
|||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Harare | ||||
Styresett |
Republikk Robert Mugabe |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
390 580 km² (60.) 1 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing () - Tettleik |
12 746 990 (71.) 33,0/km² (140.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 11. november 1965 (som Rhodesia) 18. april 1980 (som Zimbabwe) |
||||
BNP - Totalt (2003) - Per innbyggjar |
8 304 mrd. USD (96.) 2 413 USD (132.) |
||||
Valuta | Zimbabwisk dollar (ZWD) | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Kalibusiswe Ilizwe leZimbabwe | ||||
Nasjonaldag | 18. april | ||||
Internasjonal telefonkode | +263 | ||||
Nasjonale toppdomene | .zw | ||||
Zimbabwe er ein stat i det sørlege Afrika og har grense i sør mot Sør-Afrika, i aust mot Mosambik, i nord og vest mot Zambia og i sør og vest mot Botswana. Ved grensa mot Zambia ligg Victoriafalla, i Zambezielva.
Det har truleg vore menneske i Zimbabwe i over 100 000 år.
Tidlegare namn på Zimbabwe er Sør-Rhodesia og Rhodesia.
[endre] Klima
Zimbabwe har eit klima som i stor grad vert styrt av den intertropiske konvergenssona. Når dette tropiske regnområdet flyttar seg sørover får ein regnbyger, skyer og torevêr frå desember til mars. Savanneområdet får regn om lag annakvar dag, og om lag ein gong i veka kan ein få guti-vêr — yr og tåke — når kjølegare luft trenger seg inn frå søraust. Harare har ein normal årsnedbør på 831 mm.
Dagtemperaturane er høge året rundt, og i tørketida opp mot, men sjeldan over, 32 ºC. Limpopodalen heilt søraust i landet kan derimot få høgare temperaturar. Tørketida varer frå juni til september, bortsett frå høgdedraga i aust som kan få ein vinterleg guti. Sidan det meste av landet ligg høgare enn 1000 m, kan nettene bli ganske så kjølege til å vere i tropane. Vanlegvis kjem ein ned i rundt 4-7 ºC, men frost er derimot sjeldan.
Sørlege Afrika |
Angola | Botswana | Lesotho | Malawi | Mosambik | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |